31. oktober 2007 leverte bergensfirmaet CMR GexCon, som hadde granska ulukka på oppdrag frå politiet, sin detaljerte rapport om Vest Tank-ulykka.

Folkehelseinstituttet har ansvaret for å vurdere helsekonsekvensane av ulykka. Men fram til denne veka har dei ikkje ant at det har eksistert nokon slik rapport.

— Svært nyttig informasjon

— Rapporten inneheld informasjon som er svært nyttig for oss, seier Erik Dybing, direktør i avdeling for miljømedisin ved Norsk Folkehelseinstitutt.

Han stadfestar at Folkehelseinstituttet, som blant anna har ansvar for å gje helseråd til folk i Sløvåg, først fekk vite om rapporten tysdag 10. juni - altså for fem dagar sidan.

— Korleis er denne rapporten nyttig for Folkehelseinstituttet?

— Fordi den blant anna går i detalj på kva stoff som var på tankane som eksploderte, seier Dybing. - Det er sjølvsagt verdfull informasjon.

— Og denne viktige informasjonen har de gått uvitande om heilt sidan oktober i fjor?

— Ja, men det betyr ikkje noko vesentleg.

— Kvifor ikkje?

— Rapporten kom i slutten av oktober, og vi uttalte oss om eventuell helsefare i Gulen lenge før det. På det tidspunktet rapporten kom, trudde vi helseplagene hjå folk i Gulen var over, seier Dybing. - Derfor ville den ikkje gjort nokon skilnad.

Miljømedisinsk vurdering

Samtidig understrekar Dybing kor viktig GexCon-rapporten blir når dei vedvarande helseproblema i området no skal granskast. Denne miljømedisinske ekspertvurderinga frå Folkehelseinstituttet si side skal vere ferdig innan utgangen av juni.

— Rapporten frå GexCon, saman med kommunelegane si gransking som kjem måndag, blir svært viktige grunnlag for å vurdere helsesituasjonen etter ulykka, seier Dybing.

— Inntil nyleg har vi jo ikkje visst om at det har vore vedvarande helseplager på grunn av eksplosjonen.

Dybing seier at Folkehelseinstituttet vanskeleg kan få kjennskap til all informasjonen som finst der ute dersom ingen gjer dei merksam på den.

Da rapporten etter Vest Tank-eksplosjonen vart lagt fram i oktober i fjor, fekk den omtale i både nasjonale etermedia og landets største aviser.

- Er det sant?

I Gulen er ordførar Trude Brosvik svært overraska over at eit så sentralt organ som Norsk Folkehelseinstitutt ikkje har kjent til så viktig informasjon etter ulykka.

— Er det sant, utbryt ordføraren da Bergens Tidende fortel henne at Folkehelseinstituttet først fekk kjennskap til GexCon-rapporten sist tysdag.

Brosvik reagerer sterkt på at Folkehelseinstituttet har vore så passive i denne saka.

— Ved sida av at dei har eit ansvar for å gje frå seg informasjon, har dei også ansvar for å hente inn viktige opplysningar, seier ho. - Eg kan ikkje forstå at dei berre skal kunne sitje på baken og vente på å bli kontakta av andre.

Ho meiner dette ikkje er einaste eksempelet på dårleg kommunikasjon mellom ansvarlege instansar i saka, og viser til dei siste dagars kontroversar med Statens Forurensingstilsyn (SFT).

Folkehelseinstituttet og SFT har kalla inn til folkemøte i Gulen ved kommande månadsskifte for å informere om resultatet av den nye miljømedisinske undersøkinga etter Sløvåg-ulykka.

Kva synest du om oppfølginga av Sløvåg-ulykka? Sei di meining i feltet under!

Bergens Tidende