Jenta er innlagt på sjukehus, medan politiet, som ser svært alvorleg på hendinga, er utan spor etter gjerningsmennene.

Overfallet skjedde rett utanfor inngangsdøra til husværet der jenta bur, skriv Firda. Dei tre mennene har truleg stått og venta på at 18-åringen skulle komme heim. Mennene som var kledd i mørke frakkar med hette, gjekk til angrep bakfrå, la jenta i bakken og sparka og slo. 18-åringen blei innlagt på sjukehus, og har mellom anna fått hjernerystelse.

Sølv anar ikkje jenta kven dei tre mennene er, eller kvifor dei slo. 18-åringen, som har flytta til Førde for å gå på skule, vart køyrt nesten til døra til husværet ho leiger i eit bustadområde i Førde søndag kveld. Ingen ting vart sagt under overfallet, og mennene stakk av då ein bil kom køyrande like ved huset.