Om oppskjering og samansveising av stålplater langs enkle krittstrekar.

Bildet stemmer ikkje med dette tusenårets verftskvardag. I dag er det finsaum og millimeterarbeid av det mest komplekse slag som skjer i moderne hallar langs kysten. Verftsarbeidarane og ingeniørane leverer havgåande produkt som burde gjera nokon kvar av oss stolte. Dei serverer fartøy og plattformer i fremste verdsklasse. Avanserte innretningar som skaffar oss fisk og gass og olje, pengar i felleskassen. Inntekter og velstand som burde frambringa jubel frå landsende til landsende.

Likevel er vankunna og likesæla stor om det som skjer i og rundt verkstadhallane. Sjølv på Stord, som er totalt avhengig av det som skjer på verftet, blei overleveringa av «Kristin»-plattforma før påske stort sett forbigått i det stille blant folk flest. Vel var flytaren til vel åtte milliardar kroner berre ein i rekkja av mange for Aker Stord. Men han har vore ein karamell å suga på i over to år for lokalsamfunnet. Og han er eit teknologisk vidunder, ei produksjonsplattform som tøyer grensene for kva som er teknologisk mogeleg å få til i strevet etter å henta petroleumsressursar opp frå temperatur— og trykkekstreme lag under havbotnen.

I min barndoms heimbygd var det skulefri, flagging og festivitas når skipsbyggeriet døypte eit nytt fartøy. Me fekk studera vidunderet på nært hald før det gav seg elementa i vald. Me opparbeidde ein mental medeigarskap til båten.

I dag set strenge tryggingskrav og korte leveringsfristar grenser for kor mange som kan få sleppa til for å sjå nye plattformer eller havfiskefartøy før dei forlet verftet. Det er synd. For her er det snakk om produkt med potensiale til å bli store attraksjonar, byggverk som imponerer kvar gjest som får sjansen, og som vitnar om den enorme kompetansen som norsk verftsindustri har opparbeidd seg i lågmælte kystsamfunn.

Eg var blant dei heldige som fekk stiga om bord i «Kristin» på dåpsdagen. Følgjet av næringsminister, oljetoppar og politikarar tok seg fram til det opphøga og overbygde dåpspodiet medan heltane - verftsarbeidarane som hadde skrudd det fantastiske byggverket saman - stod i regnet i bakgrunnen. Dei sistnevnte fekk heller ikkje del i meisterkokk Charles Tjessems dåpsmåltid om bord med piggvar, kamskjell og hjortesteik.

Utsøkt mat og fine dåpstalar blir likevel underordna den agefulle kjensla ein får av å opphalda seg inni eit byggverk av slike dimensjonar og med slik ein kompleksitet. 650 kilometer kablar, 6753 ventilar, 5100 stikkontaktar, 2000 høgtalarar og 10.200 instrument er basis i ein teknologi som gjer det råd for berre 29 kvinner og menn å operera «Kristin»-kjempa ute på havet. Bildetelefonar av storformat sikrar eit nært operasjonelt samspel med driftssentralen i Stjørdal.

Men «Kristin» og søsterplattformene på norsk sokkel er ikkje berre ingeniørmessige kunstverk. Dei skjuler også ekte kunst i form av utsmykking som oljeselskapa legg ein god del ressursar i. På «Kristin» er 16 norske kunstnarar - i hovudsak frå Stavanger og Austlandet - representerte med i alt 26 kunstverk i fellesrom og korridorar. Både dei og «Kristin» hadde fortent eit større publikum.