KJERSTI MJØR

— Det er jo moro å vere først ute, seier fagansvarleg ved Senter for barnevernsstudier, Marit Skivenes, til BT.

— Vi treng ei lenger akademisk utdanning for å handtere utfordringane i barnevernet. Det er også behov for systematisert kompetanse og oppdatert kunnskap, seier Skivenes.

Sjølv om det nye, tverrfaglege studiet ikkje var annonsert i særleg grad, fekk Institutt for utdanning og helse inn 130 søknadar. Dei 46 første studentane begynte no i januar, og ein del har bakgrunn som barnevernspedagogar og sosionomar.

Søkjarar må ha minst eitt års praksis innan barnevernsarbeid for å kome inn på studiet.