Ei av dei mest omfattande reformene på Universitetet i Bergen vart utsett, då styret møttest på Solstrand i går. Administrasjonen hadde innstilt på å gjere om ei rekkje leiarstillingar på Universitetet i Bergen frå faglege tillitsverv til fast tilsette stillingar.

Den saka valde styret å utsette til neste møte i november.

— Styret konkluderte, etter ein grundig diskusjon, med at vi treng meir tid før vi kan gjere endeleg vedtak i denne viktige saka, seier universitetsrektor Kirsti Koch Christensen til BT.

På førehand var det mest strid om også rektor skulle tilsetjast av eit departementsoppnemnd styre, eller om den øvste leiaren framleis skulle veljast av tilsette og studentar.

Universitetsdirektøren hadde provosert ved at dei ikkje ville følgje Universitetet i Oslo og NHH og gå inn for ein vald rektor. I sakspapira tok direktøren tvert imot til orde for at rektor bør tilsetjast, viss Stortinget vedtek innstillinga til ny universitetslov i februar. Dei fleste tilsette vil framleis ha ein vald rektor.

Styret stod ved at spørsmålet om rektor skulle utsetjast til februar, men gjekk samstundes inn for at formuleringane til universitetsdirektøren skulle modererast.