Måndag kveld var det nok ein mislukka test av alarmsystemet i landets lengste undersjøiske tunnel. Den 7,8 km lange tunnelen blir på uforklarleg vis opna for trafikk att før det er klarert om ein eventuell brannfare er over. I tillegg klappar stengebommen ned for tidleg og kan skapa farlege situasjonar.

— Ja, det ser ut til å spøkja ein stad i systemet. Vi arbeider på spreng for å finna feilen, seier Tor Tybring Aralt, overingeniør i automasjon ved Statens vegvesen Hordaland.

Testen viste at tunnelen blir stengt som han skal med varsellys og bom straks til dømes eit brannsløkkingsapparat blir fjerna frå ein av stasjonane inne i tunnelen. Problemet er at tunnelen blir opna att når apparatet blir sett tilbake. Det skal ikkje skje. Det er operatøren på Vegtrafikksentralen i Bergen som manuelt skal opna tunnelen att når det er klart at all fare er over.

— Det er ikkje nokon stor risiko for å sleppa inn bilar i tunnelen medan det enno skulle brenna der. Operatøren i Bergen vil straks sjå at tunnelen blir opna att for tidleg, og kan stengja på få sekundar. Likevel kan ein bil eller to smetta inn i tunnelen, seier Aralt til Bergens Tidende.

Ved Vegtrafikksentralen i Bergen er no 112 tunnelar i Hordaland og Sogn og Fjordane knytt til det same overvakingssystemet - det største i sitt slag i Fastlands-Noreg. Det er berre i Bømlafjordtunnelen i Trekantsambandet datafeil skapar problem. Tor Tybring Aralt trur det er gjort ei eller anna endring i dataprogrammet som ikkje er identifisert.

I tillegg slit datasystemet i Bømlafjordtunnelen med ein feil som gjer at bommen går ned straks varsellyset om stenging tek til å blinka. Her skal det vera nokre sekunders forseinking for å hindra at køyretøy kolliderer med bommen etter å ha passert varsellysmasta.

Det var dette som skjedde etter ein test i etterkant av bilbrannen i tunnelen fredag 18. oktober. Tunnelen blei opna att for trafikk etter testen, men brått slo den 500 kilos aluminiumbommen ned og trefte ein lastebil i fronten. Hadde det vore ei motorsykkel eller liten personbil, kunne utfallet blitt langt meir alvorleg.

Vegvesenet har teke på seg skulda for og beklagar bomuhellet som lastebilsjåføren blei utsett for.