Uføretunnelen blei opna 1. oktober 2004 og alt eitt år etter oppdaga Statens vegvesen sprekker i betonglaget i tunnelen, som fungerer som brannsikring utanpå vass— og frostsikringsplatene.

Tvist med entreprenøren

— Det har ingenting med fjellkvaliteten å gjera, det er brannsikringskvelvet det er problem med. Dette er det Mesta, entreprenøren vår, som er ansvarleg for, seier distriktssjef Astrid Eide i Statens vegvesen.

Ho fortel vidare at det har vore ein langvarig tvist mellom vegvesenet og Mesta som følgje av dette.

Tunnelekspertar frå Mesta var i går på inspeksjon i tunnelen og i samråd med vegvesenet konkluderte dei med å stenga tunnelen for å setja i gang reperasjonsarbeid.

Omkøyring på gamlevegen

— Me ønskjer å vera veldig føre var, og tar derfor ikkje sjansen på å la bilar køyra i tunnelen slik situasjonen er no. Viss ein bil hadde krasja i kvelvet, fryktar me at heile kvelvet kunne ha rast saman, seier Eide.

Distriktssjefen veit ikkje kor lenge dei må halda tunnelen stengt, men håpar å ha få ein avklaring på dette i løpet av dagen.

Medan tunnelen er stengt, vil det vera omkøyring på gamlevegen på utsida av Uføretunnelen.

Sjekk oppdaterte vegmeldingar her .

STENGT: Det er omkøyring på gamlevegen på utsida av tunnelen i stengingsperioden. Vegvesenet veit ikkje kor lenge tunnelen vil vera stengt. ARKIVFOTO: STEINAR HYSTAD