Statens vegvesen og entreprenøren Mesta er enno ikkje einige om fordelinga av rekninga på rundt fem millionar kroner. Men no er det dels for tynne betongtaket styrkja i tråd med nye og strengare forskrifter.

-Vi meiner betongen nokre stader var lagt på for tynt i forhold til kontrakten. No er det utbetra og i tillegg sprøytt på endå meir betong. Tunnelen tilfredsstiller no det nye kravet om åtte centimeter tjukke vass— og frostkvelv, og skal vera heilt trygg, seier byggjeleiar for Statens vegvesen Haugaland og Sunnhordland, Knut Utaaker.

Trafikken på E 39 over Stord har vore lysregulert og leia på den smale gamlevegen forbi det berykta Uføro-partiet sidan slutten av november, då det blei oppdaga sprekker i taket på den berre tre år gamle tunnelen.

Den 610 meter lange tunnelen blei sprengt og fullført av Mesta for vel 63 millionar kroner. Utbetringsarbeida i vinter var stipulert til fem millionar. Vegvesenet veit enno ikkje kva sluttsummen kjem på.

Regionsjef Arne Normann Hansen i Mesta ønskjer ikkje å kommentera utbetringa av Uføretunnelen og det økonomiske oppgjeret som følgje av denne. «Det er ei sak mellom oss og vegvesenet», seier han.

OPNAR IGJEN: Trafikken på E 39 over Stord har vore lysregulert og leia på den smale gamlevegen forbi det berykta Uføro-partiet sidan slutten av november, då det blei oppdaga sprekker i taket på den berre tre år gamle tunnelen. ARKIVFOTO: BERGENS TIDENDE