Kvar fjerde kvinne som arbeidde som tannlegeassistent i Bergen før 1990 har store nevrologiske problem, viser ei ny undersøking ved Universitetet i Bergen.

Dei vart utsette for ekstremt kraftig kvikksølvdamp, når dei laga amalgam, og svært mange slit i dag med blant anna skjelving, depresjonar og dårleg minne/hugs, melder NRK.

Fleire har varsla at dei kjem til å krevje yrkesskadeerstatning, men den einaste som har prøvd saka si for domstolane hittil er den uføretrygda tannlegeassistenten Tordis Klausen i Telemark.

No tar ho saka si til Menneskerettsdomstolen i Strasbourg.

— Bryt artikkel 6

Klausen meiner sjølv at ho er blitt ufør på grunn av amalgamskader, men har tapt i alle rettsinstansar. Høgsterett har avvist saka hennar.

Ho klagar desse avgjerdene inn for menneskerettsdomstolen på grunnlag av manglar ved det norske rettssystemet. Klausen hevdar at Noreg bryt artikkel 6 i menneskerettskonvensjonen, og ikkje sørger for tilstrekkeleg kontroll med sakkunnige i sivile saker.

— Klausen har tapt i alle rettsinstansar på grunnlag av vitnemål frå to professorar. Dei har uttalt at kvikksølv ikkje er farleg, og at hennar sjukdom har andre årsaker, seier professor Edvard Vogt, som representerer Klausen i klagesaka.

— Ho meiner at dei sakkunnige var inhabile, men dei norske domstolane har likevel tatt omsyn til desse vitneprova. Det burde dei ikkje ha gjort.

Tjue gonger så høge dosar

I seinare tid er det kome fram opplysningar også i Noreg om at kvikksølv er langt farlegare enn dei sakkunnige instansane har medgitt til no.

— Dette styrker saka hennar, og eg ville tru at sjansane for at Klausen vinn fram i Strasbourg er svært gode, seier Vogt.

— Kva konsekvensar vil ein slik dom eventuelt få?

— Først og fremst at Noreg innfører eit kontrollsystem for rettsleg sakkunnige. Dessutan får Klausen eit grunnlag for å gjenoppta saka si.

I nye testar har professor i odontologi i Bergen, Nils Roar Gjerdet, funne at Klausen og mange hundre andre tannlegeassistentar har vore utsette for giftig kvikksølvdamp i dosar som er tjue gonger høgare enn dagens regelverk tillet.

I lagmannsretten har Statens Arbeidsmiljøinstitutt (STAMI) vitna mot Tordis Klausen. Men ifølgje NRK Brennpunkt har desse oppsiktsvekkjande testresultata fått STAMI til å innsjå at tannlegeassistentar er blitt skada i arbeidet sitt.