Det er Arbeids— og velferdsetaten (NAV) som har meldt doktoren frå Hordaland for trygdemisbruk. Mannen, som er fødd og oppvaksen i Noreg, har fleire år bak seg som lege i Hordaland. For fem år sidan fekk han innvilga 100 prosent uførepensjon.

Etter dette flytta doktoren til utlandet. Her tok han opp att legegjerninga, og starta privat praksis. Like lenge som mannen har hatt inntekt frå sin private legepraksis, har han fått utbetalt full uførepensjon. Etter det Bergens Tidende kjenner til meiner NAV at mannen kan ha fått utbetalt så mykje som 1,2 millionar kroner i trygd på same tid som han har hatt inntekt frå eigen praksis.

Stor praksis

Leiaren for økonomiavsnittet i Hordaland politidistrikt, politioverbetjent Rolf Hegland, stadfestar at ein norsk lege er meldt til politiet, men ønskjer ikkje å kommentere saka ytterlegare.

Legen har over fleire år drive ein relativt avansert privatpraksis i samarbeid med ein annan doktor. Etter det Bergens Tidende kjenner til etablerte hordalendingen seg med legepraksisen kort etter at han fekk trygda.

I alt har dei to legane fem tilsette på kontoret som ligg sentralt plassert i moderne lokale i byen der hordalendingen har slått seg ned. Firmaet har eigne nettsider der dei opplyser at dei kan tilby eit vidt felt av behandlingar, både innan medisin og småkirurgi. Kontoret reklamerer med at dei har sitt eige laboratorium, og samarbeider med spesialistar på fleire felt i området der dei held til.

Ikkje orientert

Ingen i NAV vil seie noko om den spesielle saka. Direktør for NAV Innkreving og kontroll, Magne Fladby, viser til teieplikta og at dei aldri kommenterer enkeltsaker.

På generelt grunnlag svarar likevel NAV-direktøren at det kvart år dukkar opp ein del saker der norske mottakarar av uføretrygd reiser til utlandet og held fram i sitt opphavlege yrke eller tek seg anna arbeid.

— Det vi snakkar om er nokre enkeltsaker i året.

— Er slike saker vanskelege å avdekkje?

— Det seier seg sjølv at det er vanskelegare å kontrollere personar som driv verksemd i utlandet, seier Fladby.

Bergens Tidende har vore i kontakt med doktoren.

— Eg er ikkje orientert om at eg skal vere meld til politiet, seier legen som utover dette ikkje ønskjer å kommentere saka. Han viste i staden Bergens Tidende vidare til sin advokat, Otto Roll. Heller ikkje advokaten er orientert, og ønskjer ikkje å kommentere politimeldinga.