EYSTEIN RØSSUMeystein.rossum@bt.no

Fylkeslegen i Sogn og Fjordane granskar i desse dagar kva som hende ved Sentralsjukehuset i Sogn og Fjordane då ei kvinne døydde etter ei undersøking i vinter. Legen skulle ta ein prøve av brystbeinet ved hjelp av ei spesiell nål, men nåla gjekk gjennom brystet og inn i hjartet. Det stoppa, og kvinna omkom.For Eva Hamre i Fyllingsdalen vekkjer historia frå Førde vonde minne. Ho vart sjølv varig ufør etter eit liknande uhell ved Haukeland sykehus i 1993.

Punkterte lunga Ho var 48 år gammal då legen oppdaga ein kul i venstre bryst. Ved hjelp av såkalla "finnålsbiopsi" skulle legen på Haukeland ta ut ein prøve av kulen.— Han stakk først ein gong, men fekk ikkje ut nok. Så prøvde han ein gong til. Eg kjende plutseleg sterk smerte og varme i brystet. "Åh, nå stakk du meg i hjartet!" utbraut eg, fortel Hamre.Ho vart uvel og veldig dårleg, og vart lagt inn på akutt-avdelinga. Ei røntgenundersøking avslørte at venstre lunge var punktert.Etter nokre dagar vart ho utskriven, men ho kjende seg alt anna enn frisk. Ho hadde framleis brystsmerter, vart andpusten av ingenting, hadde problem med å gå og var slapp og dårleg.

Var for brun Dermed begynte ein sju veker lang kamp for å finne forklaringa på plagene.- Eg fekk høyre på Haukeland at eg såg jo så brun og frisk ut, at forklaringa sikkert var dårlege nerver, at eg var redd for å ha fått kreft, at eg hadde muskelplager og var i overgangsalderen, seier Hamre.Sjølv var ho heilt sikker på at forklaringa måtte vere nåle-stikket.- Eg hadde alltid vore frisk som ein fisk. Plutseleg klarte eg ikkje gjere noko lenger. Eg visste at noko var feil, eg vart berre ikkje trudd.Til slutt gjekk Haukeland med på å gjennomføre ei grundig hjarteundersøking. Det avslørte væske i hjarteposen på grunn av ein betennelse - ifølgje ekspertane mest sannsynleg fordi nåla har kome borti og skapt ein irritasjon. Fekk erstatning I dag har Eva Hamre diagnosen kronisk betennelse i hjarteposen. Ho er 100 prosent ufør, og har vore innlagt på Haukeland minst 20 gonger sidan 1993. Av og til har ho gode perioder, andre gonger dårlege.- Vi må vere glade for at ho overlevde, seier ektemannen Per.Sjølv tykkjer Hamre det verste er motviljen ho møtte på Haukeland i starten.- Alle kan gjere feil. Men kvifor skal det vere så vanskeleg å innrømme det? Leiinga på hjarteavdelinga sa det ikkje let seg gjere å få ein slik skade av den prøva eg var igjennom. Seinare har eg fått dokumentert at det har hendt før. Dersom nokon blir skadd, må det vere i alles interesse å få det opp på bordet, seier Hamre.Ho fekk medhald i Norsk Pasientskadeerstatning, og fekk erstatning for at ho var påført varige mein.- Men eg tenkjer ofte på andre som ikkje har folk rundt seg til å hjelpe seg eller ressursar til å kjempe for si sak. Dei har det ikkje enkelt. Eg er ikkje ute etter å "ta" Haukeland eller nokon andre.Men dersom eg kan hjelpe andre som har hamna i ein liknande situasjon, gjer eg gjerne det, seier Hamre.