Politifolka fekk heilt uventa fangst då dei ved 22-tida laurdag ransaka huset til den 45-årige mannen frå Førde.

Rett nok fann dei litt av det dei jakta på, 17 liter smuglarsprit og ni 24-pakningar med ulovleg importert sterkøl på boks.

Svartemaje full av ost

Men inne i mannens kjølerom, stabla i lader, låg ekstragevinsten. Nesten eitt tonn med ost! Over 900 kilo ost, det meste norvegia, måtte dei tre lensmannsbetjentane altså ta hand om denne seine laurdagskvelden. Det dei trudde skulle bli ein spritrazzia, var blitt ein osterazzia.

Vi frakta osten tilbake til meiereiet. Bakrommet på politimaja vår var smekkfullt av ost, seier lensmannsbetjent Gunnar Englund i Førde. — Osten har han tatt heim litt etter litt frå arbeidsplassen ved Tine Meieriet Vest si avdeling i Førde. Det er ingenting som tyder på at andre har vore involvert i osteaffæren.

Dei tre politibetjentane tilbrakte laurdagskvelden med å lempe femkilospakkar ost, og partiet er no trygt tilbake på lageret ved meieriet i Førde.

Oppsagt og politimeldt

Leiinga ved meieriet hadde ingen peiling på at dei var frarøva all osten, ikkje før politiet stod på døra og ville levere den tilbake.

I etterpåklokskapens lys må vi nok gå gjennom rutinene våre. Men det er klart at vi aldri kan garantere oss mot uærlege medarbeidarar, seier driftssjef Klement Roaldstveit i Tine. - Men vi må jo lære av dette og bli betre.

Roaldstveit viser til at meieriet i Førde har relativt store lager med norvegia og brunost, og at det difor kan ha vore sjansar for å stikke unna ein femkilospakke med jamne mellomrom. Totalt vart det nesten 900 kilo kvitost og rundt 50 kilo brunost.

45-åringen vart oppsagt frå stillinga si på dagen, og Tine Meierier Vest har politimeldt saka.