Statens vegvesen har i samarbeid med Voss kommune utarbeidd kommunedelplan med konsekvensutgreiing av E16 Oppheim – Lundarosen.

Tiltaket gjeld utbetring og omlegging av stamvegen over ein strekning på ca. 24 km, skriv Hordaland fylkeskommune i ei pressemelding.

Fylkesutvalet stør i hovudsak Statens vegvesen si tilråding når det gjeld alternativ for delstrekning 2 Taulen-Løno og delstrekning 4 Skulestadmo-Lundarosen.

I tillegg fremjar fylkesutvalet motsegn til følgjande alternative løysingar tilrådd av Statens vegvesen: Delstrekning 1 Oppheim-Taulen: Alternativ 3 på strekkja P 4500 til P 5050 grunna konflikt med kulturminne. Fylkesutvalet ber om at strekninga vert justert.

Delstrekning Løno-Staup: Alternativ 1B: Fylkesutvalet tilrår alternativ med tunnel.

Dette kom fram på fylkesutvalets møte onsdag denne veka.

Lundarosen på Voss. ARKIVFOTO: BERGENS TIDENDE