– Det vil både bli teknisk vanskeleg og svært dyrt, seier Per Vidar Halsnes, seniorrådgjevar i BKK Produksjon.

Halsnes seier dei har undersøkt sjansane for å ta vare på den austre delen av Kløvtveitvatnet. Før utbygginga tok til, vurderte BKK bygging av ein lang tunnel frå Austgulstølvatnet og like til magasinet i Store Kløvtveitvatn. Konklusjonen var at dette kom til å bli for dyrt. Investeringa ville bli så store at den ikkje let seg forsvare økonomisk. Etter at grunneigarane i eit møte med BKK lanserte tanken om røyrgate på botnen av Vetle Kløvtveitvatn, er også dette undersøkt.

– Vi tykte dette var ein veldig spennande og utradisjonelle idé. Konklusjonen er likevel at det ikkje let seg gjennomføre. På botnen av vatnet vil ei slik røyrgate få eit veldig vasstrykk. Vi snakkar om avansert teknologi og store kostnader for å få det til.

Halsnes var på synfaring til området i vår. Han meiner BKK har innvilga fleire ønskje frå grunneigarane. Tunnelinnslaget i Transdalsvatnet blei flytta. BKK ville transportere inn maskiner og utstyr med helikopter, men bygde i staden veg inn i området slik bygdefolket tok til orde for. Dei har også lagt vegen langs vatnet så høgt at dei kan nyttast sjølv når magasinet er fullt.

– Syns du det ser fint ut?

– Det er vel ikkje noko område som ser fint ut under ei utbygging, og det ser alltid verst ut i den perioden vi er inne i no. Når utbygginga er ferdig, vil vatnet normalt stå ein god del høgare enn no. Gradvis vil det også kome vegetasjon i området mellom den gamle vasslinja og maksimal vasstand i magasinet etter utbygginga. Så det vil kome seg.

Halsnes meiner Kløvtveitutbygginga er fullt forsvarleg, og viser til at dei fekk skryt av NVE for endringane som blei gjort i dei opphavlege planane.

– NVE meinte alternativet vi har bygt ut etter, var langt betre for miljøet.