TERJE ULVEDAL

— Vi har eit ferjetakstsystem der dei reisande betaler etter kor langt dei reiser, ikkje etter om sambandet går i pluss eller minus. For oss er det ikkje noko aktuell problemstilling å endre dette, seier regionvegsjef Ole Christian Torpp i Fylkesbaatane (FSF) til Bergens Tidende.

Selskapet har det billegaste anbodet på det største ferjesambandet i Sogn og Fjordane. Ved å redusere frå to til ei ferje, vil FSF betale 70 millionar kroner til staten for å drive sambandet i åtte år. Det skjer på eit veganlegg som er fullt og heilt bompengefinansiert.

Kutt i tilbodet

Det har skapt sterke reaksjonar i Indre Sogn at vegvesenet gjennom anbodsutlysinga for sambandet signaliserte at tilbodet kan kome til å bli redusert. I dag er det avgangar kvar halvtime på dagtid og kvar time om natta. I verste fall kan ventetida om natta no bli to og ein halv time.

I tillegg meiner kritikarane at vegvesenet på denne måten endrar spelereglane frå då bompengesambanda til Årdal og Lærdal blei bygde. Reaksjonane går òg på at staten kan kome til å tene pengar på eit samband brukarane i realiteten betaler og kommunane i området var med på å sponse.

— Vi har eit system med kryssubsidiering der overskot på lønsame ferjestrekningar blir brukt til å finansiere dei som går med underskot. Skulle vi endra dette, kunne det ført til at enkelte ferjestrekningar blir svært dyre, seier Torpp.

Billegare billettar

I går blei det kjent at HSD og Stavangerske, som har gått i lag om eit anbod, både vil bruke ei større og raskare ferje og setje ned billettprisane på sambandet. Som FSF meiner HSD/Stavangerske at dei skal kunne drive ferjestrekninga med overskot, og dei lovar ein prisreduksjon på fem kroner for ein personbil samanlikna med dagens takstar.

Regionvegsjef Torpp ønskjer ikkje å kommentere dei konkrete tilboda på det attraktive sambandet. Også selskapet Bastø Fosen har levert inn anbod.

Mot slutten av november avgjer Vegdirektoratet kven som skal drive sambandet.