JOHN LINDEBOTTEN john.lindebotten@bt.no

– Alt vi treng å gjera, er å UV-stråla vatnet der algene er. Dei ultrafiolette strålane vil då sparka liv i dei naturlege virus som finst på algene. Algene, som er eincella, vil då sprikka, og utløysa ein epidemi som spreier seg til alle dei andre algene, seier Øyvind Enger på Institutt for mikrobiologi ved Universitetet i Bergen til Bergens Tidende.

Over på 18-20 timar Dei to andre forskarane bak denne metoden er Gunnar Bratbak og Mikal Heldal. Enger opplyser at dei har tatt patent på prosessen.

– Ein stor algekonsentrasjon kan utryddast på 18 til 20 timar, sier Øyvind Enger, som opplyser at metoden er utprøvd i liten skala ved drikkevasskjelder og inne i fjordsystem.

– Men det kan like godt tenkjast at UV-metoden kan nyttast ved store algekonsentrasjonar ute i havet, til dømes mot dei algene som no herjar på Sørlandet.

Apparat med lysstoffrøyr Forskarane er no på utkik etter nokon som kan tenkja seg å satsa pengar på å utvikla metoden slik at han kan takast i praktisk bruk ved algekatastrofar som den på Sørlandet.

– Det trengst eit stort apparat med lysstoffrøyr som sender ut ultraviolette strålar. På havet kan vi tenkja oss at det vert pumpa opp vatn med alger, som så vert utsett for strålar før vatnet tømest på sjøen att. Det skulle vera nok til å setja den øydeleggjande prosessen i gang.

– Vi kan og tenkja oss at stråle-apparatet vert slept etter eit båt i farvatnet der algefronten er.