— Vi er ekstra aktive på denne strekninga på austsida av Lærdalstunnelen i ferietrafikken, opplyser regionsjef Leon Nordanger i UP til Bergens Tidende.

Skilt med opplysning om «Auka kontrollverksemd» røper at dette slett ikkje er noko UP vil halda hemmeleg.

— Vi har røynsle for at bilistane set ned farten når det blir kjent at sjansane for å bli tatt er store, seier Nordanger.

Han viser mellom anna til røynsler frå strekninga Bergen-Voss, der det lenge har vore stor kontrollaktivitet utan at det er skilta. Færre bøter pr. kontrolltime den siste tida er eit godt teikn.

Sjølv om Lærdalsdalen har høg prioritet, satsar UP på å halda oppe eit godt trykk på Bergen-Voss og andre strekningar som appellerer til fartsglade.

— Aukar bilistane farten så snart ei fotoboks er passert?

— Her set vi inn «sivile» kontrollar, det vil seia at korkje politimann eller -bil er uniformert. Vi har også ein god del mindre kontrollar på tilfeldige stader langs vegane.

Svært mange bilistar køyrer til dagleg berre korte turar. I ferien kan det bli snakk om turar på åtte-ni timar, kanskje enda lengre.

— Mange har lett for å utsetja den viktige pausen altfor lenge. «Eg burde kanskje ha stoppa her, men kan venta til neste». Og neste. Og neste. Det er ein farleg veg å gje seg inn på, seier Nordanger.

Så mottoet bør vere at du tek ferie frå du set deg i bilen.

— Ikkje vent med å ta det med ro til du kjem fram, formanar regionsjef Leon Nordanger i Utrykkingspolitiet.

Alle skjønar at det er viktig med god sikring av taklasten, som har lett for å bli overvektig. - Færre tenkjer på at termosflasker, kamera og små gjenstandar som ligg laust i bilen representerer ein stor fare. Ved brå oppbremsing kan dei koma susande framover i bilen, påpeikar UP-sjefen.

UP-patruljene rapporterer om mykje slurv med hovudputene. Dei har ein tendens til å stå fast på nedste stillet. Skal dei verna mot nakkeslengskadar må dei tilpassast den personen som sit i setet til ei kvar tid.