Miljøvernminister Børge Brende fekk klar beskjed då han onsdag offisielt opna Nærøyfjorden landskapsvernområde med eit kjapt øksehogg på Styvi gardsmuseum. Anten må Forsvarsbygg skrinlegga bombeplanane, eller så får Regjeringa avslag på søknaden om plass på UNESCO si verdsarv-liste for Vestlandsfjordane, representert ved Nærøyfjorden og Geirangerfjorden. Initiativet er kome frå Nordisk ministerråd.

— Det skal vera høge krav for å koma med på UNESCO-lista, og det seier seg nesten sjølv at organisert flystøy over området og bombing i naboområdet ikkje kan aksepterast, seier UNESCO sin representant, valisaren Peter Ogden, til Bergens Tidende.

Voss Naturvernlag og Norges Naturvernforbund stilte opp med parolane «Ja til Brende, nei til Krohn Devold» og «Ja til vern, nei til flybombing».

Då UNESCO-delegasjonen etter seremonien på Styvi klatra opp den stupbratte stien til fjellgarden Stigen (300 meter over havet) presiserte miljøvernministeren overfor Ogden at korkje Forsvarsdepartementet eller Regjeringa har teke avgjerd i spørsmålet om flybombing.

Børge Brende skjønar godt at framlegget har vekt oppsikt på Vestlandet, men i resten av landet er «bombetrugsmålet» lite kjent.

— Sjølv var eg ikkje klar over at spørsmålet var reist før eg fekk eit notat denne veka, rett før eg reiste vestover for å vitja Bremuseet i Fjærland og opna Nærøyfjorden landskapsvernområde, seier statsråden til Bergens Tidende.

Difor finn han det ikkje rett å kommentera krav om at Forsvarsbygg sitt utgreiingsarbeid må stoggast straks.

GODE BUSSAR: Miljøvernminister Børge Brende og valisaren Peter Ogden fann tonen etter klatreturen til Stegen i Aurlandsfjorden. Men Brende fekk klar beskjed om at partikollega Kristin Krohn Devold må halda jagerflya sine langt unna Vestlandsfjordar som Regjeringa vil ha plass til på UNESCO si verdsarv-liste.<p/>FOTO: ARNE HOFSETH