— Dette kom som ei stor overrasking, seier Anzor til Bergens Tidende.

Familien som har budd i både i Tsjetsjenia og Ingusjetia, skulle tvangssendast ut av landet før jul. Utlendingsnemnda trudde ikkje på historia om kvinnas problemfylte forhold til svigerfamilien etter at ektemannen blei drepen, og argumenterte med at dei dessutan kunne busetje seg fritt i Russland.

Då Bergens Tidende omtalte avslaget dei to hadde fått i fjor, trua humanitære organisasjonar med å stemne den norske staten for menneskerettsdomstolen. Årsaka er mellom anna at Norge ikkje følgjer råda frå FNs høgkommisær, som meiner flyktningar frå dei to republikkane ikkje bør sendast tilbake til Russland. Den russiske politikken er å presse desse folkegruppene tilbake dit dei kjem frå i Kaukasus.

Gje frå seg sonen

Mannen til Satsita blei teken under ein utreinskingsaksjon og likvidert av russiske soldatar under den første krigen i Tsjetsjenia. Anzor, som då var sju år, var vitne til det som hende.

— Eg såg ikkje at far min døydde. Men eg høyrde det, fortalde Anzor då Bergens Tidende møtte asylsøkjarfamilien i november i fjor.

Etter drapet flykta dei to og mannens familie over til naborepublikken Ingusjetia, der Satsita var fødd. I følgje gammal kaukasisk skikk skal ei kvinne som blir enke overlate oppdraginga av barna til den avdøde ektemannens familie. Sjølv skal ho finne seg ny mann.

Då Satsita nekta å gje slepp på sonen, skapte dette store vanskar i forholdet til svigerfamilien. Til slutt henta mora sonen på skulen, der han gjekk nokre timar kvar dag. Ei venninne hadde på førehand hjelpt med pengar. Flukta gjekk via Moskva og Hamburg til Oslo. For to år sidan kom dei til asylmottak i Førde der dei har budd sidan.

Dokumentert overfall

Det er svært sjeldan at Utlendingsnemnda går tilbake på tidlegare vedtak. Når det har skjedd i denne saka, er det på grunn av nye opplysningar.

— Satsita har greidd å dokumentere at ho blei overfallen av svogeren sin. Dette skjedde fordi ho ikkje ville overlate sonen til mannens familie, forklarar advokat Jan Erik Mellemberg.

I nemndvedtaket heiter det at stadfestinga av denne historia gjer at «saken nå står i en annen stilling enn ved det tidligere avslaget». Dei to fekk vite om vendinga i saka i går.

— Det som har skjedd har ikkje gått opp for oss enno. Vi torer ikkje tru det er sant, seier 17-åringen.

Truga med sak

Advokat Mellemberg meiner det store spørsmålet her er kvifor opplysningane om overfallet ikkje har komme fram og blitt dokumentert langt tidlegare:

— Det er eit spørsmål fleire bør stille seg.

— Er desse opplysningane viktigaste grunnen til at det er fatta nytt vedtak?

— Ja. Men styremaktene har i denne saka opplevd eit visst press. Engasjementet frå den norske Helsingforskomiteen og Norsk organisasjon for asylsøkere har utan tvil hjelp på.

Då saka frå Førde blei kjend gjekk dei to organisasjonane ut med sterk kritikk av utlendingsstyremaktene. Dei hevda den norske politikken var på kollisjonskurs med FN, og Helsingforskomiteen utelukka ikkje at det kunne bli aktuelt å stemne Norge for menneskerettsdomstolen dersom vedtaket blei ståande ved lag.