— Betre mobildekning har mykje å seia for tryggleiken på Vikafjellsvegen, seier Kommunal- og regionminister Liv Signe Navarsete.

Ho tok seg fram i bratt terreng og litt for høghælte sko, men trivdes tydelegvis i sin gamle jobb som samferdsleminister for ein halv dag.

Den første offisielle mobilsamtalen nedunder den høge masta gjekk til leiinga av Samferdsledepartementet.

Ufordvarleg utan

Den nye basestasjonen for mobiltelefoni er ein konsekvens av riksveg 13 sin nye status som stamveg, og Navarsete sine tidlegare lovnader om betre brøyting. Fjellovergangen er no i prinsippet heilårsveg, men med atterhald i tilfelle skikkeleg styggevêr.

Samarbeid

Dekningssjef Bjørn Amundsen i Telenor opplyser at stasjonen er realisert i samarbeid mellom fleire etatar. Teleselskapet har spandert ein million kroner.

— Vi har fått hjelp frå høgare makter. Med det meiner eg statsråden, Telenor og Statens vegvesen, kommenterer ordførar Marta Finden Halset i Vik.

Ho ser på betre mobilsamband som ei storhending, og nyeordføraren på Voss, Hans Erik Ringkjøb, let henne føra ordet, sjølv om sendaren står på Vossasida av fylkesgrensa. Straumen er henta i jordkabel frå eit hyttefelt på Sognesida.

Også for gåande

— Tuvo basestasjon er til nytte for alle som ferdast over fjellet, vanlege bilistar, brøytemannskap, utrykkingskøyrety og folk som ferdast i terrenget til fots eller på ski, presiserer Vikjaordføraren.

Sjølvsagt nytta ho også dette høvet til å slå eit slag for tunnel under Vikafjellet i neste omgang.