Leiaren i Odda kyrkjelege fellesråd, Toralv Mikkelsen, mistenkjer at saka var avgjort før høyringsfristen gjekk ut.

Bakgrunnen er bispedømerådet sitt vedtak frå våren 2010 om å ta bort sju prestestillingar i prostia Nordfjord, Ytre Sogn, Indre Sogn, Hardanger og Voss og Domprostiet. I brev til sokneråda i Odda kommune, Røldal, Skare, Odda og Tyssedal, skriv bispedømerådet at prestestillinga som skal bort, bør takast frå sørsida av Hardangerfjorden, altså frå Jondal, Odda, Ullensvang eller Eidfjord. I den regionen vil ei inndraging gjera minst skade, meiner bispedømerådet. Og foreslår så å ta bort prestestillingen i Tyssedal.

Alle sokneråda i Odda kommune har protestert kraftig innan høyringsfristen, 31. mars, og peika på det store arbeidspresset som alt kviler på dei prestane som er der.

Toralv Mikkelsen trur at protestane er til fånyttes, og at bispedømerådet alt har bestemt seg, sjølv om endeleg vedtak ikkje skal gjerast før i møte 31. mai.

Berre eit spel?

— Eg spør meg sjølv om denne prosessen med høyring berre er eit spel. Formelt er det så langt berre eit forslag om å inndra prestestillingen i Tyssedal menighet. Men alt før høyringsfristen gjekk ut, har prosten i Hardanger og Voss prosti kalla inn alle prestane sør for Hardangerfjorden til fordelingsmøte for å drøfta korleis soknepresten sitt arbeid i Tyssedal menighet skal fordelast på dei andre prestane i regionen.

— Eg klandrar ikkje prosten i Hardanger og Voss prosti, Arild Hellesnes, for noko i denne saka, for eg går ut frå at han berre handlar på instruks frå Bjørgvin bispedøme. Eit slikt fordelingsmøte ville det vera naturlig å kalla i hop etter at endeleg vedtak var gjort. Når møtet er kalla inn alt no for å sjå korleis ein kan fylla opp prestejobben i Tyssedal, tyder det på at nokon alt har gjort eit vedtak, seier Toralv Mikkelsen til BT.

Bjørgvin biskedømeråd foreslår å inndra soknepreststillinga i Tyssedal menighet

Ikkje hyggjeleg

Stiftsdirektør Jan Ove Fjelltveit i Bjørgvin bispedømme medgjev overfor BT at det ikkje er hyggjeleg å kutta stillingar, men likevel nødvendig for å halda seg innanfor gitte rammer. Samtidig peikar han på at det i dag er ei skjeivfordeling av prestestillingar målt mot folketal. Når det vert snakk om å kutta konkrete stillingar, er det pålagt med ein høyringsrunde, sjølv om det kan sjå til at det ligg godt til rette i Tyssedal, seier Fjelltveit, som forsikrar at saka ikkje er avgjort. Men Hardanger og Voss prosti kjem ikkje utanom å missa ein prestestilling.