Stemninga var elektrisk då Norsk Vasskraft— og Industristadmuseum (NVIM) i Tyssedal baud inn til lysfest på Sankta Lucia-dagen.

Borna frå den lokale barnehagen heldt ei stilig Lucia-framsyning innimellom turbinar og stigar og allslags innretningar i Tyssedal si enorme storstove. Tysso I Kraftstasjon vart påbyrja i 1906 og leverte straum frå 1908. Stasjonen vart freda i 2001.

TESTA AKUSTIKKEN

Med seks sekunds etterklang fekk elevar ved Odda musikkskule verkeleg testa akustikken.

Og så kom nissen. Frå Lilletopp, øvst på røyrgata, hevda han, der han kom skramlande med traverskranen oppunder taket, og ringde med ei bjølle. Først kom sekken med julegåver ned, deretter nissefar sjølv, og utdelinga kunne ta til.

— Til neste år skal det bli enda meir elegant, lovar formidlingsleiar Stein Haugen i NVIM, og diskuterer korleis nissen kan plasserast i ein jukseslede hengande i den store heisekroken, og bli senka ned på ein plattform. Betre tryggingsomsyn må også takast. I hallen er det fleire skarpe kantar som borna kan koma borti. Og neste gong nissen misser bjølla si, kan nokon bli treft.

LEVANDE MUSEUM

Men lysmessa i den gamle turbinhallen i Tyssedal er komen for å bli, forsikrar Haugen.

— Til no har museet vore oppteke med restaurering og skaffa pengar til arbeidet. Vi har hatt mest med offentlege styresmakter å gjera. Lokalsamfunnet har kome i bakgrunnen, og her har vi noko å ta att, seier han.

Haugen si oppgåver er å gjera kulturminnet til eit levande museum og ein kulturell arena. Før familietilskipinga kom i gang i skumringa i går ettermiddag, vart det halde miniseminar om NVIM sine omstridde innspel om framtidig bruk av Smelteverksområdet i Odda og foredrag om «kvitsnipprallarane», eit lite knippe vel kvalifiserte ingeniørar som reiste frå anlegg til anlegg og stod i spissen for moderniseringa av landet vårt for rundt hundre år sidan. Bygg- og anleggsleiar i NVIM, Terje Kollbotn, orienterte om restaurerings- og sikringsarbeidet ved Lilletopp.

I SMIA: Smeden Jonny Våde viser korleis ein god krok skal krøkast.<p/>FOTO: ARNE HOFSETH