ARNE HOFSETH

Industrien genererer ikkje like stor reiseaktivitet til Odda og Tyssedal lenger. Tysso Hotelldrift AS har levert oppbodskrav til Hardanger tingrett på Lofthus.

— Det var ikkje grunnlag for vidare drift, seier styreleiar Olav L. Stand i driftsselskapet til Hardanger Folkeblad.

Årsaka er kort og godt omsetnadssvikt. Drifta er i stor grad basert på industrien og forretningsreisande. Turisme tel mindre, sjølv om hotellet sist sommar hadde ein god turistsesong.

Olav L. Strand, Bjarni Strøm og Arve Hagen eig kvar sin tredel i Tysso Hotelldrift AS, som har drive hotellet i tre år, men som no er insolvent. Gjeld og underskot utgjer 550.000 kroner. Talet på tilsette er redusert frå 13 til seks, og kostnadene kan vanskeleg kuttast ytterlegare.

Eigar av hotellet er kraftselskapet Tyssefaldene AS. Dei prøver no å finna nye løysingar, slik at hotellet kan opnast att. Sidan hotellet stengde rett før jul, er matsal, kjøken og korridorar pussa opp.

Tyssedal Hotell vart bygt i 1913. Det staselege hotellet i Jugendstil har fram gjennom åra hyst mange meir eller mindre prominente gjester frå industrikonsern frå heile verda.

Hotellet er ikkje berre ein bygningsmessig kulturskatt. På veggene heng 36 maleri, mellom anna av Christian Krohg, Hans Dahl, og ikkje minst Nils Bergslien med sine nissar og Fossegrimen.