— No i februar blir det berre «bed and breakfast». Nokre selskap skal vi også få til, berre vi kan skaffa ekstrahjelp på kjøkkenet og til servering, seier Stene til Bergens Tidende.

Stene driv i hotelleigaren, AS Tyssefaldene, si rekning, medan administrerande direktør Karstein Bremnes og folka hans jobbar vidare med ei meir permanent løysing. Driftsselskapet Tysso Hotelldrift AS gjekk nyleg konkurs etter tre års drift av hotellet. Med Stene på plass, kunne Tyssedal Hotell likevel opna att i går etter oppussing i ein utvida jule- og nyttårsferie.

Audun Steine frå Ølen har frå før Fugl Fønix Hotell i Etne, og skal i komande veke delta på Eksportskulen i Alta. Difor har han med seg, Joar Førde, ein lokal kompis i Oddatraktene, til å hjelpa seg med hotelldrifta i Tyssedal.

Sjølv om opplegget kan verka noko improvisert, lovar Stene at gjestene som har tinga overnatting, eller som har tenkt å gjera det, på skikkeleg vis skal få tak over hovudet og ein god frukost. Når han får litt meir tid på seg, blir oppgåva å finna ein realistisk modell for drifta framover.