16 prosent av legane som praktiserer i Norge kjem frå eit anna land. Fersk statistikk frå Den norske Lægeforeningen viser at det no er vel 2900 utanlandske legar under 67 år i Norge, og dette er vel 18 prosent fleire enn i 2001.

Framleis er det tyske og nordiske legar som klart dominerer legeimporten til Norge. Men bildet er i endring.

Tidlegare representerte Tyskland mesteparten av tilveksten frå EU-landa utanfor Norden. I dag er veksten like stor blant dei ti nye EU-landa sett under eitt. Frå desse landa er dei fleste frå Polen, men litauiske legar aukar mest.

På 10-på-topp-lista over nasjonalitetane til utanlandske legar må vi til femte plass for å finne eit land utanfor Norden og EU, nemleg Irak. Det er i dag registrert 84 irakiske legar i Norge, og dette er ein auke på vel 127 prosent frå 2001.

I denne gruppa dominerer elles legar frå eks-Jugoslavia (Bosnia-Hercegovina, Serbia og Montenegro) samt Russland.

Men ifølgje statistikksjef Anders Taraldset i legeforeningen er den norske legearbeidsmarknaden i ferd med å nærme seg eit balansepunkt. Truleg tek straumen av legar kurs mot Sverige.

— Marknaden er i ferd med å bli metta. Norge står i fare for å få eit legeoverskot i løpet av kort tid, seier Taraldset til BT.

— Betyr det færre utanlandske legar i framtida?

— Sannsynlegvis, fordi det kan bli vanskelegare å få jobb. Samtidig er det blitt lettare for legar å få jobb i Sverige, og det kjem til å påverke både talet på svenske og andre utanlandske legar i Norge generelt.

Ikkje alle utanlandske legar er komne for å bli i Norge. Det er stor variasjon i kor lenge dei blir, og faktisk er det størst gjennomtrekk blant svenske og danske legar. Tyske og nederlandske legar er langt meir stabile.