Tysdag denne veka. Det er første mai, det er fridag, og stordingen Odd Rune Husevik har lyst på fersk torsk til middag.

Den erfarne båtmannen legg ut i sin 15 fots båt frå småbåthamna i Sagvåg.

Tåka ligg tett over heile området denne føremiddagen, men Husevik er lommekjend i skjergarden utanfor Stord. Han har hatt båtførarsertifikat i 35 år, og kjenner seg trygg når han slepp ut fiskesnøret like ved Hestholmane, rett sør av Otterøy. Det er heilt blekkstilt ute på sjøen.

— Eg hadde augekontakt med holmen heile tida, fortel Husevik.

Med kart, utan flytevest

Så, heilt utan forvarsel, kjem dei sigande ut av den tjukke, grå grauten: Tre eldre tyskarar om bord i ein til dels open båt. Husevik kan ikkje høyre eller sjå dei før dei er kloss innpå båten hans. Dei tre er forholdsvis godt kledd. I den 19 fots store båten har dei store mengde fiskereiskap, og dei har ein kraftig motor. Men det aller viktigaste utstyret for båtfolk manglar. For ingen av dei har på seg redningsvest, og navigasjonsutstyr er det mildt sagt smått med.

— Eit slikt kart var det dei hadde med seg, seier Husevik og syner fram eit kart som han har rive ut av Telefonkatalogen Gule Sider.

— Det er jo heilt fantastisk. Dei kunne like gjerne hatt med seg NAF-boka, legg han hovudristande til.

Ekstra ille år

Dei tre tyskarane er i dårleg selskap med mange av sine landsmenn. Like før høgsesongen for redningsaksjonar for fritidsbåtar startar opp, har det vore travelt for Redningsselskapet.

— Kvar veke sidan påske har det skjedd noko med tyske fisketuristar. Dei treng assistanse til alt frå motorhavari til å finne vegen heim att, seier Ingvar Johnsen, informasjonssjef i Redningsselskapet.

Flaumen av tyske fisketuristar har vore stor dei siste åra. Mange av tyskarane kjem frå innlandet på fisketur til Noreg. Dei er uerfarne båtfolk, uvande med bølgjer, ver og vind.

Johnsen peiker på at 85 prosent av dei som druknar frå fritidsbåtar har gått over bord frå opne småbåtar. Han meiner ein bør stille strengare krav til utleigarar og til kva slag båtar som kan leigast ut til uerfarne fisketuristar.

«Big problems»

Dei tre tyskarane i skodda i Bømlafjorden får forklart på dårleg engelsk at dei har gått ut frå Auklandshamn i Sveio. No har dei kjørd seg vekk, dei har «big problems», og dei vil heim. Ein av dei er tydeleg kald og frosen.

— Dei var fortvila. Eg rådde dei til å liggje i ro ved sidan av båten min, og vente på at skodda skulle lette. Men det ville dei ikkje. Til slutt måtte eg berre rå dei til å følgje sola, som stod i sør. Då ville dei treffe land, før eller sidan.

Staden dei var på ligg midt i hovudleia til både Englandsbåten og Flaggruten frå Stavanger og Haugesund. Sikta er elendig, og plastbåten til tyskarane kunne vere vanskeleg å oppdage på radar.

— Eg vurderte å varsle politiet, men så letta skodda. Hadde den ikkje gjort det, så hadde eg ringt, seier Husevik.

Dei tre virka heller ikkje spesielt båtvande.

— Det var eg som måtte bakka vekk etter at vi hadde snakka ferdig, fortel han.

Manglar regelverk

Odd Rune Husevik kjenner ikkje til korleis det gjekk med dei tre villfarne turistane til slutt.

— Kva tenkjer du om episoden no i etterkant?

— Eg tenkjer at det burde ha vore reglar som påla turistar å få opplæring før dei skal ut på sjøen. Som eit minimum burde dei ha hatt med seg ein mobiltelefon med eit nummer som dei kunne ringe til. Samt kart og kompass, meiner han.

Høvik, Tor
Høvik, Tor