Dei tyske turistane hadde fiska ein times tid då noko stort og brunt brått flaug gjennom lufta, og landa med eit plask nokre meter frå båten.

Hjortekolla hadde blitt skadeskoten. Ei kule hadde gått tvers gjennom magen, og dyret levde berre ei lita stund i sjøen. Tre mann måtte til for å få det 45 kilo tunge dyret opp i båten.

— Vi høyrde ikkje noko skot, så det måtte ha gått ei stund frå dyret blei treft, seier Steffen Dietze, guide for tyske fisketuristar i Hyllestad, til Firda.

Ingen har rapportert om at dei har skadeskote dyr.