— Mannen blei funnen på sju meter djup i Oldevatnet av redningsdykkarar frå Førde Røde Kors, opplyser operasjonsleiar Stig Inge Hauge i Sogn og Fjordane politidistrikt.

Politiet opplyser at mannen blei funnen klokka 11.45. Ti minutt seinare blei han erklært død av lege på staden.

Kona varsla

Det blei sett i gang ein stor redningsaksjon etter at politiet rundt kvart over ti fekk melding om at ein eldre mann hadde falle Storelva, ei elv som renn ut i Oldevatnet ved Mindresunde, omtrent midt på vatnet.

Mannen stod og fiska ved elvebreidda då han datt ut i vatnet. Kona var med. Ho fekk meldt frå til ein annan turist i området som så kontakta politiet.

Dykkarar fann han

Både politi, ambulanse, brannvesen og personell frå Røde Kors blei sendt til staden, og det blei starta søk frå båt på vatnet.

Eit Sea King-helikopter med redningsdykkarar frå Førde blei også sendt til Nordfjord, men helikopteret sleit ei stund med å lande på grunn av lågt skydekke. Det var til slutt likevel desse dykkarane som fann tyskaren omkomen.

Ifølgje politiet gjekk elva stri då mannen fall uti. Kona til 83-åringen blir no teken hand om at helsepersonell på staden.

Mannen har feriert i Olden i 30 år.