Den gamle munken har for lengst flytta ut av klosteret, og gitt seg ut på foredragsferd. Han fortel om asiatisk og buddhistisk kultur. Sidan 1968 har han budd i Hallingdal, den siste tida i ei hytte på Ustaoset.

Bak Kyrkjebø på Vossevangen er Sugata litt rådvill. Han leiter etter den usle bygningen der han var kummerleg innkvartert saman med 10 andre soldatar, i bakgarden til Ortskommandenten sine kontor tvers over gata for Vangskyrkja.

— Det må vera denne bygningen her. Nokon må ha pussa det opp, seier han til slutt, og peikar på eit gulmåla uthus.

Men han bommar.

Uthuset står inne på professor Ole Didrik Lærum sin eigedom, ein eigedom der kongelege på Vossabesøk tidlegare tok inn.

— Her skal de sjå, seier Lærum og dreg oss med til ein halvsteinsmur i eigedomsgrensa.

— Rett på utsida av denne muren stod huset med meinige tyskarar. No er det rive, fortel han.

Ole Didrik Lærum var i sine aller første leveår då Sugata var tysk soldat. Men han hugsar det skrale huset, for det vart ståande til utpå 50-talet. Eit ektepar flytta inn då tyskarane reiste. Kona sette seg i respekt blant borna i strøket med saftige skjennepreiker.

Antinazisten Karl Heinz vart tvangsinnrullert som soldat og sendt nordover for å gjera teneste som tolk. Før krigen hadde han budd ein del i Sverige og Danmark, og hadde godt tak på skandinaviske språk.

Det hende at han i tillegg til omsetjinga også brukte litt diplomati overfor uforstandige tyske offiserar. Ein offiser som skulle skaffa mat til soldatane, hadde store problem med vossabøndene. Heinz fann ut at dei var skeptiske til dei tvilsame verdipapira offiseren ville betala med. Når greie pengar kom på bordet, dukka det opp matvarer av både det eine og det andre slaget.

I det største stuntet fekk han overtalt ein offiser til å tinga heile 120 jernbanevogner med ved til oppvarming. Smått om senn hamna store delar av det enorme vedlasset i private omnar hjå «gode nordmenn».

Etter kvart vart den tyske soldaten sine sympatiar kjent blant vossingane. Så vart han omtala som «den tyske jøssingen», ein som kunne stolast på. Også tyskarane fatta mistanke, men dei mangla bevis. Først i 1943, etter forflytting til Kristiansand, fann han det turvande å desertera, og røma landet. Han skal ha vore ein av fleire kjelder for vestleg etterretning om Hitler sitt hemmelege våpen, V2.

Med forfalska millitærbillett frå Kristiansand til Røros, sette han seg på toget. Heldigvis steig han av på Reitan, eit par stasjonar før Røros på den smalspora banen frå Støren. Derifrå fekk han ein dramatisk skitur over til Sverige. Deretter fylgde ein månads nervepirrande uvisse om utlevering til Tyskland, og den visse død.

Men han vart verande i Sverige, og gifta seg i 1948 med ei svensk kvinne.

I 1955 bestemte paret seg for å gå i buddhistisk kloster i Nepal. Han som munk og ho som nonne. Det betyr automatisk skilsmål. Kona er framleis nonne. Men munken Sugata, «han som går den lykkelege vegen», forlet klosteret som «anagarika», og la ut på foredragsferd i staden.

— Eit liv som tiggarmunk freista ikkje, vedgår han overfor Bergens Tidende.

Som «anagarika» kan ein handtera pengar og jordiske ting. Tiggarmunken må berre stå der med skåla si, utan å seia noko. Og så må han eta det han får, utan å bry seg om det smakar godt eller vondt.

— Magetrøbbel er ikkje uvanleg blant vestlege som konverterer, fortel han.

No er Sugata på gamle tomter saman med Rachel Kellet som har ført i pennen boka om den gamle «vandrefuglen» sitt liv. Boka kom ut i Katmandu i fjor haust med tittelen «Bird of Passage (Wandervogel)», og finst førebels berre på engelsk. På Voss vart det hjarteleg gjensyn med folk i 80-åra som er med på bilete i boka.