RAGNAR HOVLAND

forfattar, har fått i oppgåve å skriva om «sommarnatt»

VI SAT DER på svaberget og kjende kor varmt det var. Det var Kirsti Sparboe, Inger-Lise Rypdal og eg, og vi hadde site der ein del timar. Sola var borte, det same var dei få turistane som hadde vore der tidlegare på kvelden. Det hang berre att ei svak grill-lukt. Eg kunne sjå ei raud stripe over fjella, eit lite minne om den sola som ein gong hadde vore.

Vi hadde hatt eit jurymøte, det var vi tre som sat i juryen, og det var mitt forslag at vi skulle ta møtet der på berget. Eg lovte å ta med ein kasse øl, dersom damene kunne frakte med seg ein eingongsgrill og litt mat som eigna seg til grilling.

Og slik gjekk det. Inger-Lise Rypdal hadde med seg kylling og Kirsti Sparboe hadde med nakkekotelettar og ein grill. For å yte litt ekstra hadde eg, i tillegg til ølkassen, tatt med ei halvflaske gammal dansk. Det gjer seg alltid godt slik i sommarkvelden.

EG MÅ TILSTÅ at eg ikkje lenger er i stand til å hugse kva dette jurymøtet galdt. Alt eg hugsar er at det var ein større pris, og at vi landa på at Visekongen av Fusa skulle få prisen dette året. Vel fortent, kom vi fram til.

Juryarbeidet var ganske fort unnagjort, det var få andre seriøse kandidatar, og vi kunne gå over til den sosiale delen. Møtet med desse to, vi får vel seie fordums, men absolutt oppegåande, slagerstjernene, hadde vore udelt positivt. Tonen var lett og god, og latteren sat laust, som det heiter. Det einaste som øydela stemninga litt var at det, som sagt, var nokre turistar der, og det er ikkje alle turistar som har gløymt at Inger-Lise Rypdal og Kirsti Sparboe ein gong var namn på alles lepper. Så vi blei no og då avbrotne i arbeidet av folk som ville ha autografar. Til slutt måtte eg berre be dei ha seg vekk, og då gjekk resten greitt.

No var maten fortært og beina kasta på fjorden, og ølet var drukke. Berre gammaldansken var att, og eg let flaska gå rundt.

DETTE KOM TIL å bli ei av dei fine sommarnettene, tenkte eg. Alt tyda på det. Små bølgjer daska mot svaberget, måsane var stilna. Ein einsleg båt dreiv stillferdig rundt ute på fjorden. Det var ei natt då ting kom til å skje, ting ein seinare kom til å minnast med glede. Eg fekk det føre meg at eg skulle byggje tre hytter her på berget, ei til Inger-Lise Rypdal, ei til Kirsti Sparboe og ei til meg sjølv. Så kunne vi leve herrens glade dagar der.

Inger-Lise Rypdal reiste seg opp.

— Oi, så støl eg er, sa ho.

Ho kosta av seg litt rusk.

— Eg må visst heim no, eg. Eg må tidleg opp i morgon.

EG TOK EIN STØYT av gammaldansken.

— Tidleg opp? sa eg. - Det er jo sommar.

— Nokon må arbeide om sommaren også, sa ho. - Halde hjula i gang. De får ha takk for møtet og for samværet. Håper det ikkje blir for lenge til neste gong.

Eg klarte å la vere å seie at ho ikkje skulle «sova bort sumarnatta». Trur nok eg hadde sokke litt i omdømmet hennar om eg hadde gjort det.

Kirsti Sparboe og eg sat der og såg på at Inger-Lise Rypdal blei borte i kvelden. Som ein røyskatt, tenkte eg. Ein smidig røyskatt.

Eg såg på Kirsti Sparboe. Gjorde ho også teikn til at ho skulle gå? Ho gjorde ikkje det. Fint det, tenkte eg. Det kjendest rett å sitje her saman med Kirsti Sparboe i sommarnatta.

— Kva synest du eigentleg sjølv er den finaste av songane dine? sa eg. Eg hadde lurt på dette ei stund.

HO TREKTE LITT på akslene.

— Eg veit ikkje, sa ho. - Det var så mange.

— Ja, sa eg. - Det var ein heil brote. Sjølv synest eg nok at «Livet er herlig» var den finaste.

— Jo, den var vel ikkje så verst.

— Fin-fin, sa eg.

Eg tok ein ny slurk gammaldansk. Eg kjende meg oppløfta. Ja, eg kjende meg faktisk litt overmotig.

— Veit du kva! sa eg til Kirsti Sparboe. - Vi kan finne på noko!

Ho såg bort på meg.

— Finne på noko?

— Ja... vi kan stele noko! Det er jo sommarnatt. Som skapt for lettsinn. Vi kan stele ei høne!

EG HADDE KANSKJE ikkje direkte tenkt på å stele ei høne. Det berre glapp ut av meg. Men no då tanken var sådd, verka den jo heilt briljant. Stele ei høne og ta ho med. La ho få ein ny heim. Det kunne då ikkje vere så vanskeleg. Det var vel ikkje langt mellom hønsehusa her omkring.

— Kva skulle vi gjere med høna, då? sa Kirsti Sparboe.

— Ta ho med, sa eg. - La ho gå fritt omkring i hagen og kose seg verre.

Eg fortalde at eg ein gong hadde skrive ei novelle om ein kar som var så svolten at han ikkje såg anna råd enn å stele ei høne. Det gjekk ikkje så bra.

— Eg veit ikkje heilt, sa Kirsti Sparboe.

— Tenk på overskrifta i VG dersom vi blei tatt! sa eg. «Kirsti Sparboe siktet for hønsetyveri.»

— Eg trur kanskje ikkje det, sa Kirsti Sparboe. - Eg må visst gå no eg også.

— Ikkje enno, vel? sa eg.

— Jo. Det er nok best. Takk for denne gongen. Du klarer vel å stele ei høne åleine.

— Det klarer eg nok, sa eg. - Men det blir jo ikkje på langt nær det same.

DERMED REISTE HO SEG og gjekk. Ja ja, tenkte eg. Kanskje hadde ho ein mann som sat heime og venta på henne og blei uroleg for at ho var så lenge ute, i herreselskap.

Helsikken òg, tenkte eg. Og denne natta som var så fin. Som minte meg om alt som tidlegare hadde vore fint med sommarnetter. Denne boblande gleda. Mørket som aldri heilt kom. Flaggermusene. Den evige mulegheita for å forelske seg, og for at det skulle ta slutt når sommaren var over.

Eg rusla opp den vesle stien mot hovudvegen. Bilane hadde for lengst slutta å gå. Alle lys var sløkte. Månen hang der han skulle, og eg tenkte at månen var ein finsleg kar. Typisk Kirsti Sparboe å ikkje ville vere med på noko som er moro, tenkte eg vidare, sikkert nokså urettferdig. Eg såg huset til Asbjørn og Eldrid oppe i lia. Enn om... tenkte eg. Asbjørn og Eldrid var lektorar begge to. Eldrid hadde også vore varaordførar. Eg kjende dei ganske godt frå ungdommen, men hadde ikkje snakka med nokon av dei på mange år. Enn om...

Eg sjekka om det var noko att i gammaldansk-flaska, og det var ein siste slurk.

Eg gjekk raskt opp grusvegen. Var det ikkje som eg høyrde det stille suset frå sovande høner? Eg ringde kraftig på, tre gonger. Men det tok likevel si tid før det søvndrukne ansiktet til Asbjørn viste seg i vindauget.

— Asbjørn! ropte eg. - Det er meg!

— Kva i...

— Vekk ho Eldrid, og få på dykk kleda. Det er jo sommarnatt. Eg har ein kjempeidé!