Alena Trukhanovich (27) frå Kviterussland planla å studere tyskspråkleg litteratur ved Universitetet i Bergen til hausten, men denne planen er no velta om på.

— Eg synest ikkje dei behandlar oss særleg bra. Då eg kom til Norge, hadde eg eit mål om å studere, men no må eg plutseleg reise tilbake til Kviterussland til hausten, seier Trukhanovich.

Ho kom til Norge i august 2004, og til hausten har ho jobba to år som au pair. Etter dei gamle reglane ville dette kvalifisert til studiestønad. No har ho fått vite frå ei veninne at Lånekassen i februar endra reglane for retten til studiestønad.

Plutseleg endring

For å få stønad må ein no ha hatt samanhengande fulltidsarbeid i Norge i minst 24 månader. Au pair er ikkje lenger rekna som fulltidsarbeid.

— Eg vart veldig deprimert då eg fekk vite dette. Det kom nokre tårer også, seier Trukhanovich fortvila. Ho håpar at det kan løyse seg for dei som byrja som au pair før regelen vart endra.

Alle som er i gang med sitt studieløp vil få halde fram som før, men for Trukhanovich kan ikkje Lånekassen gjere noko. Overgangsordningar er ikkje aktuelt.

— Å vere au pair er ikkje det same som å ha starta eit utdanningsløp. Andre arbeidstakarar kan ha vore i landet i enda fleire år. Vi må behandle alle arbeidstakarar likt, og kan ikkje gjere unntak for enkelte grupper, seier Wenche Merli, informasjonssjef i Lånekassen.

Nordisk samarbeid

Au pair skal vere ei kulturutveksling, og ikkje ein mellombels stoppestad før studietida. Mange har likevel gått denne vegen før, men no er mulegheita vekk.

— Vi må rette oss etter regelverket. For å få studiestøtte krevjast eit generelt arbeidsløyve. Au pairar får derimot eit spesielt arbeidsløyve, seier Merli.

Det er Kunnskapsdepartementet som innfører regelendringa for å harmonisere betre med reglar i dei andre nordiske landa.

— Vi må rette oss etter Kunnskapsdepartementet. Lovendringar skjer kvart år, dette må studentane leve med, seier Merli.

Vanskeleg å planlegge

Trukhanovich kjenner til i alle fall fem-seks andre i same situasjon som seg sjølv. Plutselege regelendringar er eit problem for både utanlandsstudentar i Norge og norske studentar i utlandet.

— Vi har eit håp om at det skal bli lettare for desse gruppene å føresjå nye regelendringar, seier Thomas Langeland Jørgensen, velferdsansvarleg i Studentenes Landsforbund.

— Vi kan sjå på rutinane og vurdere ein fastsett iverksetjingsdato, svarar statssekretær i Kunnskapsdepartementet, Åge Rosnes.

I revidert nasjonalbudsjett føreslo Kunnskapsdepartementet behovet for ein skiljedato for når gamle reglar framleis skal gjelde. Dette vil gjere det lettare for studentar å rette seg etter reglane i Lånekassen. Men for Trukhanovich kan dei ikkje gjere noko, for ho er ikkje student enno.

MÅ REISE HEIM: ¿ Vi blir ikkje behandla særleg bra, seier AlenaTrukhanovich. Ho fekk vite frå ei veninne at au pair-arbeid ikkje lengerkvalifiserer til studiestøtte frå Lånekassen.