Sogndal mållag har i eit år kjempa for at administrasjonen i Gulating lagmannsrett skal bruke nynorsk.

— Vi har irritert oss mykje over dette bokmålet som snik seg fram, seier Njål Ølmheim, leiar i Sogndal mållag.

I eit brev frå kultur- og kyrkjedepartementet vert det slege fast at både dommarar og kontorpersonale må følgje mållova. Den seier at Gulating si offisielle målform er nynorsk.

— Når lova seier det, så får dei jammen rette seg etter det, seier Ølmheim.

— Du synest ikkje de er pirkete når de legg så mykje arbeid ned i ei slik sak?

— Nei. Dei må kunne strekkje seg litt. Problemet er berre at dei ikkje gidd bruke nynorsk, seier han.

Departementet seier at alle innkallingar av partar og vitne, meddommarar og lagrettemedlemmer, skjønnsmenn og sakkunnige må vere på nynorsk.

Det einaste unntaket er dommar. Dei kan framleis skrivast på bokmål.

Arkiv