Fitjar kommune hadde ved sist årsskifte eit oppsamla underskot på 17,3 millionar kroner, og må nytta gateljossløkking, avgift— og gebyrauke for å få drifta i balanse i 2004.

Ekssjefen i Fylkesbaatane i Sogn og Fjordane, Atle Tornes kom i vår som ny rådmann i Fitjar etter Harry Herstad. Han fann den økonomiske tilstanden dobbelt så ille som utsiktene tilsa då han søkte stillinga i fjor haust.

Kommunen har enno ikkje fått godkjent 2003-rekneskapen, og heller ikkje budsjettet for 2004.

Avviser samanslåing

Ordførar Agnar Aarskog (Ap) vedgår at Fitjar er i ein svært vanskeleg økonomisk situasjon. Han avviser likevel framleis tanken på samanslåing med naboen Stord som ei løysing på problema.

— Stord slit óg med underskot. Både små og store kommunar er ramma av dårleg økonomi. Å tenkja kommunesamanslåing i forhold til økonomi blir dessutan feil. Hovudgrunngjevinga i så måte må vera at tenestene til innbyggjarane blir betre, seier Aarskog til Bergens Tidende.

Fitjar fekk seks millionar kroner i underskot i 2003. Kommunen fekk over ein million kroner mindre i skatteinngong enn budsjettert, og tilsvarande ekstrakostnader innan både pensjonar og løner.

Privatisering

Til formannskapsmøtet onsdag gjer rådmann Tornes framlegg om å auka betalinga for skulefritidsordning, kulturskule, vass- og renovasjonsavgifter frå 1. juli.

Han vil óg ha nedsett ei snøgtarbeidande gruppe av politikarar, administrativt tilsette og tillitsvalde som skal peika på tiltak for nye innsparingstiltak i 2005-budsjettet.

Atle Tornes inviterer kommunestyret til å vedta prinsipp om bruk av tilbod og konkurranseutsetjing. Aktuelle område kan vera kjøkendrift, reinhald, vatn og avløp, barnehage, tekniske og administrative funksjonar.