— Eg blir tvangsflytta. Likevel vil ikkje staten betale det flyttinga kostar, seier 70-åringen.

Hjelmesæt driv slektsgarden på Anda i Gloppen. Etter at flyplassen for Nordfjord blei lagt til bygda, kom gardsbruket til å liggje i vestenden av flystripa.

No gjer oppgradering av lufthamna at gardstunet med våningshus, løe og uthus kjem under fyllmassar og asfalt. Rullebana skal forlengast med 160 meter, og bonden må sjå at tunet blir lufthamn.

Kan måtte betale to mill.

Hjelmesæt gav Avinor løyve til å starte arbeidet på sin grunn. Han rekna ikkje med at det ville noko vits i å kjempe mot, og sett sin lit til at staten ville betale flyttelasset. Gardbrukaren fann seg ny stad på eigedomen dit han vil flytte tunet, og har starta ryddearbeidet.

Men staten tykkjer flyttinga blir for dyr. Avinor meiner det er fleire billegare tomtealternativ, og vil ikkje betale den erstatninga Hjelmesæt krev. No endar saka i retten. I slutten av september skal Fjordane tingrett halde skjønn.

Taper Ola, fryktar gardbrukaren han kan måtte punge ut med kring to millionar kroner av eigen lomme for at staten tok gardstunet.

— Det burde vore slik at det offentlege tek kostnaden når dei pålegg folk å flytte. Slik er det tydelegvis ikkje, seier han.

Dyr utgraving

Avinor meiner staden der Hjelmesæt har valt å byggje nyetunet, er ein av dei dyraste på bruket.

— Vårt poeng er at han burde funne ein rimelegare stad. Retningslinene er klare på at det i slike tilfelle skal ytast erstatning etter rimelegaste alternativ, seier Ove Chr. Lyngholt, advokat for Avinor.

Han stadfestar at det særleg er store kostnader til arkeologiske utgravingar i området der Hjelmesæt vil ha tunet, som får Avinor til å setje seg på bakbeina.

— Vi meiner han burde funne ein stad der utgravingane ville blitt mindre.

Lange forhandlingar

— Korleis kan Avinor vite at det vil bli mindre utgraving på andre tomter?

— Nei, det kan vi ikkje vite. Og difor har vi bedt kulturavdelinga i Sogn og Fjordane vurdere om det ville vore nødvendig med utgravingar på dei alternative plassane. Så får det bli opp til retten å avgjere kven som skal betale.

— Dette er ein mann som blir tvinga til å flytte frå hus og heim. Bør han ikkje få byggje det nye tunet der han sjølv vil?

— Det kan han også gjere. Men om kostnaden blir mindre med ei anna plassering, må han betale mellomlegget.

— Ville det ikkje vore best å kome fram til ei minneleg ordning i denne saka?

— I høgste grad. Og vi har prøvd. Det har vore ført langvarige forhandlingar, men avstanden er stor, seier Lyngholt.

Vil drive garden

Hjelmesæt misser ein del innmark i samband med flyplassutvidinga, vil frukt- og grønsakbonden halde fram med jordbruk, sjølv om han er pensjonist.

— Då må tunet liggje slik at det er praktisk i forhold til drifta, seier han.

— Kva syns du om at Avinor meiner dei arkeologiske utgravingane er for dyre?

— Eg kan ikkje heilt skjøne det. Arkeologar har gjort store funn ei rekkje stader i området. Her ligg fortidsminne over alt, seier Hjelmesæt.

Nordfjordbonden legg ikkje skjul på at han er skuffa. Han hadde trudd han skulle få opp att ein bygningsmasse tilsvarande det han hadde. Men bustadhuset må han byggje mindre. Løa har han no bestemt seg for å flytte. No kjem også tomtestriden.

— Føler du Avinor har brote lovnader?

— Det kan sikkert diskuterast kva dei har lovt. Men dei brukte i alle fall store ord då dei var her. Det skulle ikkje bli noko problem med å få flytta tunet.

NY HEIM: - Gravearbeidet er i gang i det som skal bli det nye tunet. - Avinor trudde ikkje eg kom til å halde fram med å drive garden, seier Ola E. Hjelmesæt.
Øystein Torheim
NYTT TUN: Her ønskjer Ola E. Hjelmesæt at det nye tunet skal liggje, men Avinormeiner tomta vert for dyr.
Øystein Torheim