– Eg er ganske sjokkert over at viktige samfunnsspørsmål blir avgjort slik, seier Rune Larsen.

Det var i fjor Helse Førde gjekk inn for konsentrere den ortopediske behandlingskapasiteten kring sjukehusa i Eid og Førde. I Lærdal skulle det byggjast ned. Dette kunne ikkje Helse Vest akseptere.

I følgje Larsen tok dei kontakt og gjorde det klart at dersom ortopedivedtaket blei ståande, ville statsråden kalle inn til føretaksmøte.

– Vi måtte love at drifta i Lærdal skulle bli slik den hadde vore, og fekk ein kort tidsfrist til endre vedtaket. Styret blei kalla inn til eit hastemøte, dei fleste var med på telefon. Avgjerda blei å sende saka til vurdering i ei faggruppe som var i arbeid, seier Larsen.