Og Sunnhordland tingrett har — under tvil - gitt den saksøkjande tvillingen medhald i at ho er den eldste. Avgjerda er viktig ettersom vinnaren får arva hovudbruket etter tvillingane sin bror. Han døydde i 2000. Den eldste har best odelsrett til Kvinnherad-garden.

Retten har ikkje funne avgjerande prov for kven av dei to søstrene som blei fødd først, tre dagar før jul i 1929. Det ligg ikkje føre uomtvistelege erklæringar frå nokon av foreldra om kven av tvillingane som er eldst eller yngst.

Men begge tvillingjentene skal sjølve ved fleire høve ha uttalt - til og med skriftleg i ei større tvillingundersøking på 1980-talet - at det er saksøkjaren som er den eldste. Ho hevda i retten at foreldra fortalde henne at ho var den førstefødde av tvillingane.

Sølje som prov

Tvillingen som tapte retten til odel meiner at foreldra aldri sa noko om kven av jentene som var eldst. Det kan tyda på at mor og far ikkje visste det sikkert. Ingen vitne i rettssaka kunne med overtyding kasta avgjerande lys over forholda kring den omtvista heimefødselen.

Den tapande tvillingen hevdar at ho på 1980-talet skreiv i tvillingundersøkinga at søstera var eldst fordi det då ikkje var viktig for henne, og fordi ho visste at søstera ville skriva det same.

Dei stridande tvillingane har kvar på si side vist til førenamna sine som indikasjon på kven av dei som er fødd først. Saksøkjaren hevdar seg oppkalla etter farmor og morfar, medan den saksøkte svarar at ho har det tradisjonsberande namnet i familien, og at det dessutan knyter seg ei sølje til dette namnet.

Mest sannsynleg

Sunnhordland tingrett ser bort frå oppkalling som prov i saka. Og ettersom dette er ei sivil rettssak, er det nok for dommaren å ta stilling i odelstvisten ut frå kven som mest sannsynleg er den eldste av arvingane.

Den tvillingen som, etter retten sitt syn, mest sannsynleg er eldst, har ikkje vunne fram med heile rettskravet sitt. Til odelsgarden i Kvinnherad blei det i 1981 føydd til ein mindre gardseigedom i nærleiken. Denne slektsjorda får ikkje saksøkjaren hand om i denne rettsrunden, slik ho kravde.

Retten tek ikkje stilling til kva som skal skje med den minste eigedommen. Saksøkjaren tilbaud i forliksforhandlingar i forkant av rettssaka at tvillingsøstera kunne få den minste eigedommen dersom ho sjølv fekk odelsgarden. Forliket blei ikkje akseptert.