Saka vart utsett då formannskapet hadde møte sist veke. Det var delte meiningar om Tysnes skulle vera med på ei prøveordning med røysterett for 16-åringar. Det var full semje om at ungdomsrådet må få drøfta saka før vidare handsaming, men før dette vart bestemt, hadde medlemene i formannskapet brukt god tid på diskutera saka.

Både Sp, FrP og V sine medlemer meinte at Tysnes bør vera med i dette prøveprosjektet.

DEBATT: Er 16-åringar vituge nok til å røysta?

— Når dei unge får tillit, viser dei ansvar og engasjement, nemnde Magne Fauskanger (FrP). Ordførar Helge Hauge (Sp) har òg tru på dette. Dei unge vil på denne måten få eit nærare forhold til Tysnes, noko som kan vera med på å få dei til å slå seg ned i kommunen.

Meir skeptisk var Lorentz Lunde (KrF) og Tore Atle Humlevik (H), som vil gå vegen om ungdomsrådet, og at dette rådet får spela ei viktig rolle. Der kan dei tileigna seg erfaring. Humlevik trur ikkje den politiske interessa mellom dei unge er særleg stor. Heller ikkje Ap vil kasta seg direkte over eit slikt prøveprosjekt. Partiet vil avventa situasjonen.