TERJE ULVEDAL

I følgje granskinga til Norsk institutt for landbruksøkonomisk forsking (NILF) er bøndene i Sogn og Fjordane kjerringa mot straumen. For medan overskotet av gardsdrifta gjekk ned eller var uendra i dei fleste plassar, auka det med 10.000 kroner i fjordfylket.

Sogne— og fjordabøndene sjølve er skeptiske til NILF-forskarane sine konklusjonar, og bondelaget meiner dei 62 bruka som er med i statistikken ikkje utgjer noko representativt utval.

Ikkje til å leve av

Det er tid for kveldsstell i Grimelandslia samdrift i Førde. Ove Naustdal køyrer ut silofôret. Naboen Ronny Grimeland tek seg av mjølkinga der rundt 30 kyr har stilt seg lydige opp på rekkje. Dei to nabobruka i Angedalen har satsa på samdrift. I fjord blei fjøsbygningen bygt ut og modernisert for 2,5 millionar kroner. I år har Naustdal sjølv fått seg jobb utanom bruket. Det skjer etter at han har drive som heiltidsbonde sidan 1997.

— Hadde eg ikkje tatt meg arbeid utanom bruket, ville vi ikkje greidd å få endane til å møtast, seier han.

— Kva må til for at ein bonde kan leve av inntekta frå garden?

— Bruket må i alle fall ha ein storleik som vår. I tillegg er det veldig avhengig av gjeldssituasjonen. Eg trur dei aller fleste heiltidsbønder i dag, er dei som sit med nedbetalte driftsbygningar.

Men mange av dei, er det ikkje. Ove Naustdal, som også er leiar i Førde bondelag, seier heiltidsbonden er i ferd med å utrydda.

Tidleg opp og seint i seng

— Berre for ti år sidan fanst det ein del. Då var gjerne mannen heime, medan kona var i jobb. I dag er realiteten at begge er i arbeid utanom bruket. Ofte har den eine deltidsjobb, den andre arbeider full tid.

— Korleis blir dagane då?

— Tidleg opp og seint i seng. Det som gjer at det går, er rasjonaliseringa og effektiviseringa som har skjedd i landbruket.

Men i fjøsen i Angedalen, der mjølka er på veg frå jur, via mjølkemaskin og over i tankane, har gardbrukarane ikkje merka særleg til inntektsoppgangen.

— Eg kan ikkje sjå at overskotet av drifta auka noko særleg frå 2002 til 2003. Men i år merkar vi derimot nedgang. Og det har samanheng med det dårlege landbruksoppgjeret, seier Naustdal.