TERJE ULVEDAL

Om drapstiltalen står det ingen strid i Sogn tingrett. Hassan Samriye Hashin har tilstått og kjem til å bli dømd for drap. Om valdtekta rår det derimot tvil. Av den grunn kom både aktorat og forsvarar til å konsentrere seg om valdtektspunktet i tiltalen under prosedyrane i går ettermiddag.

Statsadvokat Bjørn Kr. Soknes la ned påstand om 15 års fengsel. Forsvarar Herman Hoff meiner aktors påstand er altfor streng, og antyda at Hashin i alle fall ikkje bør få meir enn ti år bak murane. Det gjorde han ved å vise til fleire drapsdommar der fengselsstraffa har vore ned mot og rundt ti år, samstundes som han argumenterte med at desse straffesakene omhandla meir graverande forhold enn folkehøgskuledrapet i Sogndal.

Kva anna var motivet?

Også aktor Soknes vedgår at det er tvil om valdtektstiltalen. Påtalemaktas kronargument er at Hashin sjølv vedgjekk seksuelt overgrep då han blei avhøyrd i Norge første gong etter at han kom frå Nederland.

Statsadvokaten brukte store delar av prosedyren for Sogn tingrett til å imøtegå Hashins historie om at ho skal ha møtt to gutar då dei kom til folkehøgskulen.

— Desse gutane har aldri eksistert, sa Soknes.

Aktoratet meiner dei har dokumentert dette gjennom andre opplysningar i saka. Politiet har aldri funne gutane. Vitneobservasjonar og mobiltelefonsamtaler fortel at Hashins opplysningar om at han venta på Hedda bortimot ein halv time utanfor internatet medan ho var vekke med gutane, ikkje kan stemme. Det går ikkje i hop med tida.

— Hedda blei sett ut av spel gjennom minst tre slag eller spark. Så valdtok han henne, før han til slutt kvelte ho. Det skjedde raskt. Alt blei gjort på 20-25 minutt, sa Soknes.

Brukte vald for å drepe

— Det finst ingen haldepunkt for at min klient har skaffa seg seksuell omgang med avdøde ved å bruke vald, sa forsvarar Herman Hoff då han slapp til for prosedyre.

Forsvararen erkjenner at det har vore eit basketak på internatrommet, men prosederte på at valdsbruken har skjedd i samband med drapet, og ikkje for å skaffe seg sex med den 19 år gamle folkehøgskuleeleven.

— Det eksisterer ikkje DNA eller andre bevis for valdtekta. Min klient var sjalu. Han tok livet av Hedda Karterudseter i affekt, sa Hoff under den avsluttande prosedyren i Sogndal i ettermiddag.

Forsvararen meiner også retten må gje Hashin straffereduksjon fordi han tilstod drapet straks han blei pågripen, og fordi han har vist vesentleg anger. Hoff bad retten dømme Hashin på mildaste måte.

Dom 10. mai

Støtteadvokat Jahn Knapstad la på vegner av foreldra og avdødes bror ned eit krav om oppreising og erstatning på totalt 330.500 kroner. Dette er eit krav forsvararen og hans klient har samtykt i.

Dom i saka fell 10. mai klokka 14. Dommen blir sagt i open rett i Sogndal.