ARNE HOFSETH

— Prosjektet er såpass usikkert at eg ikkje har våga å nemna det for turistane mine, vedgår Gunnar Kaland overfor Bergens Tidende.

Raset i Stegagjeldet har gitt tyskarane ufrivillig lang ferie, men dei vil nødig dra heim att utan bilen, ein pick-up som dei treng i arbeidet sitt.

I går var dei tobakkslause og drog til Utne på handel med Kaland sin 15 fots motorbåt. Men dei har arbeid som ventar i heimlandet, og er utålmodige etter å koma seg av garde.

Bygdefolket har gitt opp håpet om å få HSD til å ta bilar om bord i ferja frå den lem-lause kaien på Tjoflot. Men vegstellet vil ha ein 50 tonns mobilkran på plass i Stegagjelet i dag. Den skal brukast til rensking av fjellsida ovanfor vegen for lause steinar, med spett og kanskje også dynamitt.

— Sidan tyskarane sin bil har bøylar å løfta etter, kan det vera mogeleg å løfta bilen over Stegagjelet med mobilkranen, seier Kaland.

Men sikker er han slett ikkje. Nærare 40 meter av vegen er borte. Om kranen har lang nok arm, vil løfteevna vera sterkt redusert, og bilen veg rundt to tonn. Kranføraren vil ta ei nærare vurdering når han får kranen på plass og studert tilhøva.

Knut Djønne er vonbroten over at ferjeprosjektet ikkje gjekk i orden, og set no si lit til at vegstellet får ei provisorisk bru over Stegagjelet på plass, helst eit provisorium som kjem enda tidlegare enn militærbrua som er stilt i utsikt.

— Det er neppe aktuelt å løfta vanlege «hankelause» privatbilar med mobilkran. Dei kan lett bli skadde av selane, seier han.

Bygdefolket er opptekne av å kunne bruka bilane sine på vegnettet utanfor rasområdet. For dei næraste dagane har dei alle fleste ordna seg med buss, privat skyss eller lånte bilar - mellom anna frå arbeidsgjevar - frå kaien i Vallavik til arbeidsplassane sine rundt om i distriktet. «Stein Viking» går to turar mellom Djønno og Vallavik både morgon og kveld, den eine tilpassa skuleskyssen til og frå Granvin.

Lengre inne i fjorden er vegen mellom Bruravik og Ulvik framleis stengd etter raset fredag, men vegen over Ulvikhøgda er open. På Bakka i Nærøyfjorden tærer det på tålmodet at eit snøras heilt inne ved ferjekaien i Gudvangen ennå ikkje er rydda. Skuleborna vert skyssa med «Nutshell»-båten. Båtskyss vart også løysinga for Klyve-grenda i Fyksesund, der eit ras sperra vegen til Fykse. Ein familie vart evakuert.

Riksveg 550 mellom Odda og Utne har tidvis vore stengd fordi nye ras har truga oppryddingsarbeidet etter raset i Eikhamrane sør for Måge fredag.

VÅGESTYKKE: Kan ein mobilkran løfte ein to tonn tung bilover dette gapande holet i fylkesvegen mellom Vallavik og Tjoflot? <br/>Foto: ARNE HOFSETH