— Vi kjem til å bruke nedlegginga av Lavik sjukeheim som eit eksempel på korleis dei eldre ikkje skal behandlast, seier leiar i organisasjonen, Helga Sellevold, til Bergens Tidende.

Tvangsskilje

Fredag i sist veke skreiv Bergens Tidende om ekteparet Johanna (88) og Nils Bjørkhaug (90). Dei siste to åra har Johanna budd i eldrebustad, vegg i vegg med sjukeheimen der ektemannen er pasient. Sjukeheimsnedlegginga ville føre til at Nils blir overflytta til Kyrkjebø, meir enn fire mil unna. Etter 64 års ekteskap ville kommunen tvangsskilje dei to.

Etter at saka blei kjend gjennom Bergens Tidende, kom kommunen på bana med eit nytt tilbod. Johanna har fått tilbod om å flytte inn på Kyrkjebø, slik at dei to kan bu nær kvarandre. Men onsdag stoppa fylkeslegen i Sogn og Fjordane heile flyttinga. Han meiner kommunen må overhalde klagefristen på vedtaket.

Klare rettar

Ei multihandikappa kvinne i slutten av 50-åra er også mellom dei seks pasientane som no skal flyttast. Kvinna har syskjen, foreldre og heile nettverket sitt i Lavik-området.

— Etter mitt syn bevegar kommunen seg her på grensa av lovverket. Vi meiner denne kvinna har klare rettar som gjer at ho må få bu i nærmiljøet sitt, seier Sellevold.

Formannskapet i Høyanger har no bedt administrasjonen vurdere om den funksjonshemma kvinna kan få eit tilbod i nærmiljøet.

— Eg føler at det no må bli eit løft for haldningar. Alder og alderssvekka menneske har ingen status i helse-Norge. Her må innstillinga endrast, seier Sellevold.

Velfungerande

— Men er det som skjer i Lavik så uvanleg i forhold til andre kommunar?

— Det er ganske spesielt at ein kommune legg ned ein velfungerande sjukeheim.

Sellevold viser til at det i Lavik er det nok omsorgsytarar rundt heimen, noko som slett ikkje er tilfellet alle plassar. I tillegg er det gitt heilt klare politiske signal på at eldreomsorga skal leggjast opp slik at dei gamle i størst mogleg grad får tilbod i sitt nærmiljø.

Har følgt saka

I møtet med stortingspolitikarane vil Lavik-saka bli brukt som døme på utviklinga i norsk eldreomsorg.

«Kamp for de eldre» har følgt Lavik-saka sidan sist haust. Alle dokument organisasjonen har samla inn om sjukeheimnedlegginga, er oversendt stortingskomiteen og statsråden. Dette er gjort for at dei kan førebu seg til møtet.

— Vi vil synleggjere at slike ting skjer. Anten på grunn av feilprioriteringar, eller fordi kommunane rett og slett får for lite pengar, seier Helga Sellevold.