Fram til 1996 stelte foreldra dottera heime, og sparte samfunnet for millionar.

— Denne gongen hadde eg eit håp. Akkurat no er eg berre veldig skuffa, seier Oddfrid Bosdal, syster til Anni Inger.

Den 56 år gamle kvinna har ein muskelsjukdom som gjer at ho ikkje kan snakke eller bevege seg. Men ho forstår alt som blir sagt, og dei som kjenner henne klarer å forstå kva ho meiner.

- Tok det tungt

Fleire ekspertar hevdar at Anni Inger har krav på eit pleietilbod i nærmiljøet saman med pårørande og personale som kjenner henne svært godt. Utsegnene gav familien håp om at kommunen denne gongen ville snu. Men etter eit seks timar langt møte i klagenemnda for helse- og sosialsaker i Høyanger, fekk dei pårørande den skuffande meldinga i går ettermiddag:

Kommunen bøyer ikkje av. Anni Inger skal flyttast til Kyrkjebø sjukeheim, meir enn fire mil frå Lavik.

I går kveld måtte Oddfrid Bosdal gje den tunge meldinga vidare til foreldra Synneva (79) og Einar Strandos (88), dei som gav Anni Inger stell og omsorg heime like til ho var 50 år.

— Vi hadde eit håp om at Anni Inger kunne fått eit husvære tilknytta helsesenteret. Foreldra mine tok det veldig tungt då eg fortalde kva som hadde skjedd.

For foreldra betyr dette at dei får store vanskar med å vitje dottera. Så lenge ho var pasient ved sjukeheimen i Lavik har dei vore hos henne fleire gonger i veka.

Også Anni Inger har hatt det tungt dei siste vekene.

— Vi har sett det på ho, seier systera.

Skiljer ektepar

Flyttinga skjer fordi eit fleirtal i Høyanger kommunestyre har avgjort å leggje ned sjukeheimen i Lavik. Også klagene frå dei andre pasientane blei avviste i gårsdagens møte i klagenemnda. Dette inneber at ekteparet Johanna og Nils Bjørkhaug blir skilde med tvang. Dei siste åra har Johanna budd i eit husvære knytta til helsesenteret. Dette ligg vegg i vegg med sjukeheimen der ektemannen Nils har vore pasient. Fleire gonger for dagen har Johanna besøkt ektemannen. No blir Nils flytta til Kyrkjebø, medan Johanna blir buande att i Lavik.

— Eg er redd for at svigerfar min kan komme til å miste livsgnisten. Den daglege kontakten med den næraste familien har han sett stor pris på, seier svigerdottera Gerd Åse Bjørkhaug.

Ingen kommentar

Ingen i Høyanger kommune ville i går kveld kommentere møtet i klagenemnda, men etter det Bergens Tidende forstår avslo nemnda også ankene frå dei fire andre pasientane.

— Eg vil i alle fall ikkje kommentere desse sakene før møteprotokollen er underteikna. Det skjer først i dag, sa leiaren i nemnda, Monica Oppedal, til Bergens Tidende i går kveld.

Pasientane og deira pårørande har no fire veker på å klage vedtaka inn for Fylkeslegen i Sogn og Fjordane.

Oppedal seier at pasientane vil få halde fram med å bu på sjukeheimen til fylkeslegen har handsama klagene.

FLYTTA MOT SIN VILJE: Multifunksjonshemma Anni Inger Strandos må flytte frå Lavik sjukeheim til Kyrkjebø. – Vi hadde eit håp, og blei utruleg skuffa, seier systera Oddfrid Bosdal, som likevel ikkje gjev opp kampen.
Foto: Oddleiv Apneseth