— Ikkje legg ned skulen vår, ljoma det før politikarane i kommunen skulle ta stilling til eit forslag om å leggje ned Algrøy, Syltøy og Skålevik skular.

Saman med rundt hundre andre demonstrantar, både foreldre og skuleelevar, stod Sarah Standtun Silden i ettermiddag utanfor rådhuset i Fjell kommune.

Det er bare ei dryg veke sidan rådmannen foreslo at desse skulane skal leggjast ned allereie frå hausten av. Alle elevane skulle flyttast til Ulveset skule.

Forslaget forsvann

Framlegget frå rådmannen var bestilt frå fleirtalskoalisjonen frå Frp, Høyre og KrF, fortel Vidar Arnesen i Frp. Han leiar komité for drift.

Men ingen hadde sett for seg den massive motstanden som kom. Barn og vaksne strøymde til rådhuset i Fjell rundt halv fire i går ettermiddag. Parolane var klare: Skulane må ikkje leggjast ned.

Det vart for mykje for politikarane, som trakk forslaget omtrent før det var i nærleiken av politisk behandling.

Frps Vidar Arnesen heldt appell til demonstrantane, og prøvde å roe dei ned ved å fortelje at saka ikkje ville bli noko av.

— Det er ingen vits i å kome inn og høyre på saksbehandlinga. Saka blir trekt, og det blir ingen debatt om skulestrukturen, sa Arnesen.

Han synest sjøl at ei skulenedlegging er fornuftig. Men innrømmer at forslaget ikkje var godt nok gjennomtenkt.

- Uheldig

  • Eg ser at det ikkje er politisk fleirtal for dette. Det er ingen av partia som har vedteke ei samlokalisering av skulane, seier Arnesen til BT like før møtet.

Heller ikkje internt i Frp har forslaget støtte.

- Er det ikkje litt flaut å trekkje dette tilbake allereie etter ei veke?

— Eg synst det er svært uheldig, men slik saka har utvikla seg har det fått heilt feil fokus, seier han.

— Meininga var å styrke innhaldet i skulen med dei innsparingane nedlegginga ville gi, legg han til.

Saka ikkje over

Men han lykkast ikkje med å hindre demonstrantane i å høyre på møtet. Så godt som alle demonstrantane følgde med inn i lokalet då komiteen skulle behandle saka. Frp, Høyre og KrF har fleirtal og gjekk inn for å trekkje forslaget. Det kjem heller ikkje opp igjen i denne perioden, ifølgje Vidar Arnesen.

Opposisjonen var rasande over saksbehandlinga. Representantane frå Sotralista, SV og Arbeidarpartiet kritiserte komiteleiar Vidar Arnesen i sterke ordelag for å trekkje eit forslag heilt utan debatt.

— Er det bare du som har lov til å snakke, sa Aps Marianne Bjorøy, då Arnesen nekta å debattere forslaget.

SVs Anne Mette Lie var minst like opprørt:

— Frp har sikra seg ein moglegheit til å ta saka opp igjen. Dei la ned ein skule i fjor, og dei kjem til å gjere det igjen, seier ho.

Vantru foreldre

Lise Lauvik er blant foreldra som har engasjert seg sterkt i saka. Ho er glad for at saka er stoppa, men føler seg ikkje trygg på at det er over.

— Eg synest dette er ei pinleg affære. Her står Arnesen og lyg framfor ungane våre og seier at dei ikkje skal leggje ned skulane våre. Alt tyder på at vi må ta vare på plakatane våre. Politikarane skal få kamp til siste slutt, seier ho.

Kva bør gjerast med skulen på Sotra?

SMEKKFULLT: Kantina i Fjell Rådhus var smekkfull av folk som ville høyre om politikarane ville gå vidare med forslaget om skulenedlegging. Forslaget vart trekt på grunn av den store motstanden. FOTO: SILJE KATRINE ROBINSON