Desmond Tutu skal etter planen delta på eit ope møte i regi av Studentersamfunnet i Johanneskirken på kvelden fredag 8.februar.

— Detaljane rundt programmet er enno ikkje stadfesta av Tutu sin stab. Men det er meininga at han skal halda tale på eit møte i Studentersamfunnet på fredagskvelden, seier Grønmo.

Han seier vidare at universitetsleiinga skal ha samtalar med erkebiskopen på laurdagen.

Universitetssamarbeid

Bakgrunnen for besøket er UiB sitt samarbeid med universitetet The University of Western Cape (UWC) i Cape Town, som Tutu er styreleiar for.

— Saman har UiB og UWC tatt initiativ til eit større senter for samarbeid mellom universitet i det sørlege Afrika og universitet i Norden. Tutu kjem til Norge for å understreka kor viktig dette samarbeidet er, seier Grønmo.

Rektoren set stor pris på besøket.

— Me er veldig glade for at besøket no kjem i stand. Det betyr mykje for Bergen at ein så profilert fredsforkjempar kjem til byen. Tutu er ein viktig aktør på den globale arena, seier Grønmo.

- Gler oss veldig

Leiar for Studentersamfunnet i Bergen, Camilla Søby, deler rektor Grønmos entusiasme.

— Det betyr mykje for oss, og me gler oss veldig. Me har jobba hardt for å få Tutu til Bergen. Forhåpentlegvis blir Johanneskirken fylt til randa av studentar og andre interesserte, seier Søby.

Ho seier vidare at tidspunkt og tema for Tutu sin tale enno ikkje er klart.

Tutu var ein sentral aktør i kampen mot apartheid i Sør Afrika, og han fekk Nobels fredspris i 1984.

Tidlegare denne månaden var Tutu i Kenya i eit forsøk på å mekla mellom opposisjonen og styresmaktene etter det omstridde presidentvalet i landet, som opposisjonen hevda blei forfalska.

Det var NRK Hordaland som først brakte nyheita om at besøket endeleg er bekrefta tirsdag.

Kva synest du om at Tutu kjem til Bergen? Sei di meining her.

SKAL TALA: Erkebiskop og tidlegare fredsprisvinnar Desmond Tutu deltar på eit ope møte i regi av Studentersamfunnet i Johanneskirken fredag 8. februar. ARKIVFOTO: MIKE HUTCHINGS