Verftet dekka til 1500 ved langborda i platehall 3, og over tusen kom for å feira ferdiggjeringa av BP si vassinjeksjonsplattform for Valhall-feltet.

Utgifter til suppe, hornmusikk og poporkester er berre ein dråpe i havet i forhold til verdien av kontrakten, som Aker fekk tildelt fredag 13. oktober 2000.

Med stålunderstellet frå Aker Verdal som blei tippa på plass på Nordsjø-botn i går natt og Aker Offshore Partners planleggingsarbeid er jobben verd 2,8 milliardar kroner for det som i dag heiter Aker Kværner.

Sterk innspurt

Toppsjefane Sverre Skogen (Aker Kværner), Lars Solberg (Aker Stord) og Simen Lieungh (Aker Kværner feltutvikling Nordsjøen) kunne med god grunn dela ut skryt og takksigelsar til arbeidsfolket. Innspurten har vore intens etter at mørke skyer låg over økonomien og framdrifta i prosjektet så seint som i februar i år. Prosjektet er gjennomført innanfor tids— og kostnadsrammer, også helse-, miljø- og sikkerhetsarbeidet (HMS) har vore av høg kvalitet. Ingen fråversskader på halvannan million arbeidstimar var søt musikk i øyret på Rob Anderson, prosjekt- og teknologidirektør i BP Norge.

Ikkje gode nok før

BPs Rob Anderson takka og skrytte spesielt over betringane Aker Stord har gjort på HMS-feltet. Ti år tilbake var Aker Stord utelukka frå BP-tilbod grunna for dårlege HMS-resultat.

Valhall-dekket er komplett ferdiggjort ved utslep frå Stord. Boringa etter olje tek til alt 1.oktober i år. Etter Valhall har Aker Stord oppdrag med å byggja boremodul for Grane-feltet, olje- og gassplattform for Kristin, og opphogging av Maureen-plattforma.