Med håret flagrande til vêrs kjem Signe Kvalheim (16) hoppande ned frå timeteren. Ho har allereie vore i bassenget i tre timar då BT møter ho. Første veka på Amelie Skram vidaregåande har så langt gått i streik, men i dag nyttar ho skuledagen på å teste ut det nye badeanlegget ved ADO.— Begge lærarane våre er i streik, så eg har fått lov til å vere her heile dagen. Det blir vel rundt seks timar i bassenget, seier 1.-klassingen.

Plass til 700

Køen var lang ved stupetårnet då tusen elevar ved Amalie Skram fekk boltre seg fritt i det den nye storstova for symjing i Bergen, i tre puljer. 300 badande på ein gong kan høyrast mykje ut, men det er ingenting i høve til det ein kan venta seg når anlegget opnar for publikum i oktober.

— I helgane vil det nok vere mykje meir. Me reknar med at det vil vere opptil 700 på ein gong på laurdagar i søndagar, spesielt på hausten når det regnar, fortel dagleg leiar i ADO, Haakon A.E. Johansen.

ADO Arena test018.jpg
JAN M. LILLEBØ

I tre puljar inntok dei tusen elevane bassenget. Formålet var å teste det tekniske anlegget, lære opp badevaktene, samt å registrere korleis dei badande klarar seg i badeanlegget.

— Det er interessant å sjå kva folk interesser seg for. Det er tydeleg at det er stupetårnet som er mest interessante for denne aldersgruppa, og dei vaksne mosjonistane vil nok heller nytte hurtigbanane, seier Johansen som legg til at ADO har fått Vestlandets første ti meters stupetårn.

Føremålet for «stresstesten» av badeanlegget var også for å teste ut kloranlegget. I det topp moderne anlegget lagar dei heimelaga klor i kjellaren ved å spalte det ut frå salt. Det er installert følarar i bassenget for å rekne ut den rette klormengda basert på talet på badegjester.

- Heilt fantastisk

For elevane ved den splitter nye skulen var dagen ein ypparleg måte å bli kjent med kvarandre.

— Det er gøy å sjå at dei kosar seg. Dette er ein god måte å bryte isen og bli kjent med kvarandre for dei nye elevane, seier Johansen.

Og at tenåringane set pris på badetilbodet er det ikkje noko tvil om.

— Det er heilt jo heilt fantastisk. Me får jo bruke bassenget til halv pris, så då må me jo berre gå her, seier 2.-klassingen Torkel Manne.

— Og så er det kanskje ein fin stad for sjekking?

— Å ja, det må jo til. Det er mange som ser på når ein hoppar frå 10-meteren, smilar Joseph Morris.

LUFTIG SKULESTART: Signe Kvalheim (16) var ein av få jenter som torde å hoppe ut frå timetaren. - Det er flaut viss du går opp og ikkje tør å hoppe, åtvarar Joseph Morris (til høgre i biletet).
Jan M. Lillebø