— Er det sånn miljøtapet, dette her?

Feiarmeister Elisabeth Mikalsen ser tvilande ut medan ho stryk handa over skorsteinen i stova til Martha Sletten på Landås. Tapet kan gjera det umogleg å oppdaga sprekker i skorsteinen, men denne gongen viser det seg at mønsteret er malt rett på muren - skorsteinen er trygg.

Tusen farlege skorsteinar Mikalsen er kvar dag ute og sjekkar om bergenske skorsteinar er brannfarlege. I går fann ho lite å setja fingeren på, men slik er det slett ikkje kvar dag.

Totalt i år har feiartilsynet avdekt rundt 5000 ulike feil og manglar som må rettast opp for å unngå brannfare.

— Vi ser at det er svært stor aktivitet når det gjeld å pussa opp. Det er synd at arbeidet i mange tilfelle blir gjort på ein måte som set liv og verdiar i fare, seier overbrannmeister Jan Ove Brakstad i Bergen brannvesen.

Blant dei 14.000 bustadene feiarane har kontrollert i år, har rundt 1000 brannfarleg skorstein. Nær halvparten av desse har fått skorsteinen kledd inn under oppussing av eigedommen dei siste fire åra.

Folk gløymer seg Elisabeth Mikalsen har sett sin del av innkledde piper dei siste åra.

— Folk kler skorsteinane inn med det mest utrulege. Panelflater, gips, baderomsplater og fliser. Ofte finn vi kjøkkenskap stilt heilt inntil skorsteinen, seier ho.

Bebuarane med innekledd skorstein blir gjerne irriterte og frustrerte når feiaren kjem på inspeksjon, fortel ho.

— Det har ikkje slått dei at det kan vera farleg. Folk gløymer å tenkja på tryggleik i sin eigen heim.

Problemet er at mange ukunnige pussar opp sjølve, meiner Trond Grindheim, leiar for feiarane som utfører tilsyn med eldstadene i byen.

— Dessutan er også ein del fagfolk ukjende med kva reglar som gjeld, seier han.

Gamle skorsteinar verst - Vi ser at oppussinga av eit hus i dag ofte er meir omfattande enn før, at mange byter kjøken og bad, men at dei gløymer den viktige skorsteinen, seier Grindheim.

Det er dei gamle teglsteinsskorsteinane som kan skapa brannfare. Desse var vanlege i alle hus fram til kring 1970, i trebyen er mange av skorsteinane svært gamle. Nyare skorsteinar er betre isolerte og kan kleast inn på to sider. Dei gamle skorsteinane skal stå fritt i rommet. Det er ulovleg å dekka dei til på nokon måte.

— Alle skorsteinar skal tola ein pipebrann. I slike tilfelle kan temperaturen inne i skorsteinen koma opp i 1000 grader. Treverk som står tett inntil ein gloheit skorstein kan lett ta fyr, seier feiarleiaren.

Ein av brannane i Bergen i 2008 skuldast at så skjedde. Heldigvis utvikla denne seg ikkje til ein alvorleg brann.

Hindrar brann Tilsynsleiaren trur at dei gamle skorsteinane kunne ha ført til fleire brannar utan kontrollrutinane til brannvesenet som sjekkar alle byens 71.000 fyringsanlegg kvart fjerde år. I hytter, som ikkje har slikt regelmessig tilsyn, brenn det langt oftare på grunn av feil ved skorsteinen.

Dei som får brev frå Brannvesenet etter feiarbesøket, får ein frist på 30 dagar til å forklara korleis dei vil retta opp tilhøva.

— Svarar dei ikkje, sender vi purring. Dersom det ikkje nyttar, sender vi varsel om pålegg, seier Grindheim.

I siste instans kan det bli aktuelt med bøtelegging av huseigarar som ikkje rettar seg etter pålegget.

Synspunkt? Sei di meining i kommentarfeltet: