Sjølvsagt er det kome til nye verkty og maskiner. I dag høyrer bandsag, avrettar og tjuknehøvel til på verkstaden, men øksa, den store bila, og klinkhamaren er framleis viktige verkty når båtborda og innveden skal formast og båten skal setjast saman.

Kor lenge det har vore bygd båtar i Os er det ingen som veit, men det er heilt sikkert svært lenge. På våre kantar byrja dei å klinka båtborda saman på 300-talet, då dei lærde seg å laga båtsaum av jern. Mest truleg kan klinktradisjonen i Os skriva seg tilbake til den tid; dei bygde båtar der tømmeret var, og i Os har det jamt vore god tilgang på tømmer. Oselvaren slik han har vore bygd dei siste hundreåra er òg den norske småbåten som har mest til felles med småbåtar som vart bygde i vikingtida.

Den fyrste dokumentasjonen på båtbygging i Os har me frå tidleg på 1500-talet, då me kjenner til at det vart levert båtar frå Os til Bergen. Omlag samstundes kom den omfattande handelen over Nordsjøen i gang, skotte— og hjeltehandelen (hjelte etter Hjaltland, det gamalnorske namnet på Shetland). Mot slutten av hundreåret viser tollpapir at det vart levert mykje båtar i tillegg til tømmer og anna trevare.

Båtbygging i kvart eit naust

Kor stor båtproduksjon det var i Os tidlegare veit me ikkje, men på 1600-talet ser det ut til at heile bygda har vore med i båtbygginga. Gamle skifte viser at det har vore båtbyggjarverkty også på gardar som ikkje ligg til sjøen. ”Truleg bygde dei båtar til sal ikring heile Osbygdi” skriv Nils Tveit i Os soga. Skotte- og hjeltehandelen gjorde nok mykje, men det meste av båtane som vart bygde i Os vart nok leverte til nærare farvatn. Osingane leverte mykje båtar til kystbygdene i Hordaland, og til Bergen.

Mot slutten av 1600-talet verkar det som Tysnes har overteke heile hjeltemarknaden. og frå tidleg på 1700-talet ser det ut til at båtbygging er borte som næring i Os. Årsakene til dette kan vera fleire, men Nils Tveit peikar på at medan andre bygde vassager frå 1500-talet og utetter, måtte osingane anten kjøpa borda eller kløyva stokkane med kilar og hogga borda til med øks, som dei alltid hadde gjort. Dessutan var det Lysekloster som åtte det meste av skogen i Os, og då nye eigarar var mindre villige til å selja skog enn dei tidlegare hadde vore, vart det vanskeleg å få tak i båtmaterialar.

Oselvaren vert til

Kring 1770 kjenner me namnet på berre to båtbyggjarar i Os, grannane Lars og Jørgen Tøsdal. Dei hadde nausta sine ved Oselva – i elvo som dei sa – omlag der DnB no ligg. Då fekk båten namnet sitt, oselvar, båten som vart bygd ved Oselva. Tøsdalskarane var kjende som svært dugande båtbyggjarar, og fleire gjekk i lære hos dei. Snart spreidde båtbyggjaryrket seg til heile bygda att, og utetter 1800-talet vart det den viktigaste næringa i Os attåt jordbruk og fiske. Mot slutten av hundreåret gjekk fleire av bygdene som tidlegare hadde bygd småbåtar, mellom dei Tysnes, meir og meir over til å byggja større skuter, og osingane overtok storparten av småbåtmarknaden på heile hordalandskysten. På nytt bygde dei båtar i kvart eit naust i Os.

Fyrst på 1900-talet tok fiskarane til å ta i bruk større båtar, og dei sette motor i båtane. Tidlegare var det færingen og seksæringen som var fiskebåtane, no vart mykje av denne marknaden borte for båtbyggjarane. Dei sterkaste miljøa greidde seg. I Hordaland var det båtbyggjarmiljøa i Os og i Strandebarm. Dei tok over den marknaden som var att, båtar til heimefiske, til folke- og varetransport og etter kvart til fritidsbruk. Framover mot krigen var oselvarbygging framleis ei viktig næring, men etter krigen går det fort nedover. Son til båtbyggjaren vert ikkje lenger båtbyggjar, men noko anna i staden. Båtbyggjarane vert eldre og eldre og færre og færre. Då plastbåten kom kring 1960 og tok det meste av fritidsmarknaden òg, trudde nok dei fleste at dagane var talde for båtbygginga i Os.

Å berga eit handverk

Slik gjekk det ikkje. I 1979 og 1980 skipa Bergens Husflidslag, etter tildriv frå Babben Roll, saman med Hordamuseet to kurs for oselvarbyggjarar. Lærarar på kurset var Jon Askvik og Karl Søvik, og to av kursdeltakarane heitte Harald Dalland og Nils Olav Solbakken. Begge desse gjorde oselvarbygging til yrke, og då Os kommune bygde og sette i gang drifta på Oselvarverkstaden i 1997 vart desse to båtbyggjarane tilsette på fast løn, saman med to unge, fagutdanna trebåtbyggjarar, som skulle læra av dei eldre.

Harald Dalland og dei to ungdomane er framleis tilsette på verkstaden. Dessutan er det fleire som har vorte opplærde og teke fagprøven sin på Oselvarverkstaden, og to av dei er fast tilsette som båtbyggjarar. Det eldgamle handverket er teke vare på, og ved Oselva lever framleis den særs detaljerte kunnskapen om korleis ein skal få ein båt nett slik ein vil ha han,

Litteratur:

  • Nils Tveit: Os soga bd. 1, 1933
  • Harald Dalland og Åsmund Lien: Artikkel i Festskrift 2007, Jon Bojer Godal, 2007

Nettstader:

www.oselvarverkstaden.no

www.oselvarklubben.no

Ukjend
RUNE STØLÅS