Truleg snakkar vi om Norgeshistorias lengste prøvetur, og heilt sikkert er det at eit knippe ivrige bilselgarar har fått seg ein lærepenge.

Ikkje for det; 41-åringen gjorde slett ikkje skade på bilane han fekk prøvekjøre. Han let berre vere å levere dei tilbake.

Seks bilar, hotell og bensin

Det heile starta måndag 10. november i Steinkjer, der 41-åringen frå Søre Sunnmøre vandra inn i bilforretninga og kom ut igjen med nøklane til ein Jeep Cherokee i handa.

Den noko uortodokse prøveturen skulle bli første etappe i ein stafett som kom til å vare i over to veker, omfatte seks velvillig utlånte demonstrasjonsbilar samt eit ukjent tal ubetalte hotellrom og bensinrekningar.

Ferda gjekk frå mannens heimtrakter til Trøndelag, derfrå til Hønefoss, med tog til Bergen og Hurtigruta vidare til Ålesund. Her starta han på nytt med demobil-stafetten og kjørte til Kirkenes, derfrå sørover gjennom Finland og Sverige til Østfold. I Fredrikstad melde han seg for politiet, sat ei natt i arrest og vart sett fri neste dag — politiet kunne ikkje finne ut at han hadde gjort noko gale.

Dermed gjekk turen til nok ein bilforhandlar, der han fekk låne ein Peugeot 307. 41-åringen var ute på siste etappe, og sette kursen mot Nordfjord.

På Nordfjordeid melde han seg nok ein gang for politiet, og denne gangen gjekk det slik den slitne mannen faktisk ønskte: Politiet sette ein stoppar for heisaturen.

- Aldri opplevd maken

Politiet trudde knapt sine eigne øyre etterkvart som 41-åringen la korta på bordet, men historia vart stadfesta etterkvart som dei sjekka rundt om i kongeriket.

— Eg har aldri opplevd maken, seier Isak Husevåg ved Eid lensmannskontor.

— Han verkar som ein heilt vanleg fyr, og kunne ikkje forklare kvifor han hadde gitt seg ut på dette. Han har erkjent til saman 17 straffbare forhold, og ville rett og slett møte opp og ta si straff.

Og det fekk han, i ekspressfart. Berre to døgn etter at han melde seg, stilte politiet med siktinga i retten. I går var dommen klar.

90 dagar utan vilkår er kva Nordfjord tingrett meiner er passande straff for heisaturen i lånte bilar.

I retten ønskte 41-åringen å ta si straff, og forklarte seg detaljert om alle forholda i siktinga.

Hos alle bilforhandlarar har 41-åringen vist fram sitt autentiske førarkort og oppgitt mobilnummeret sitt.

Retten finn at bedrageria er grove, og at dei lett kunne ført til større tap enn kva som viste seg å bli tilfelle.