Bergen Turlag arbeider no for å få oppretta oppretta Kvamfjella landskapsvernområde.

Forslaget frå Turlaget er levert til Kvam kommune som eit innspel til arbeidet med kommunedelplan for Kvamskogen.

— Dette er eit flott friluftsområde med frodige dalar og dramatisk høge fjell. Om vi ser bort frå dei områda som alt er verna, er dette det største landskapet i Hordaland som enno er urørt, seier turlagsveteran Birger Refsdal til Bergens Tidende.

78-åringen har trakka på det som finst av stiar i Kvamfjella. Både sommar og vinter. Og han brenn for at dette landskapet, som ligg mellom Kvamskogen og Hamlagrø, skal få varig vern mot trugsmål som kraftliner og alpinanlegg.

Området som Birger Refsdal har avgrensa på kartet ligg i vegen for nokre av rutene som Statnett har streka opp for den planlagte 420 kV-lina mellom Eidfjord og Samnanger. Desse alternativa krysser Kvamfjella både nord og sør for Fuglafjell.

Byrkjefjell ligg ved inngangen til det påtenkte landskapsvernområdet frå sør. Her er det skissert planar for eit storstilt alpinanlegg med bilveg, parkeringsplassar og hotel.

Viktig å koma i gang

— Det er viktig å starta prosessen fram mot vern no. Berre kunnskapen om at eit arbeid er på gang med sikte på vern, kan gjera det vanskelegare å gjennomføra slike alvorlege inngrep i landskapet.

Refsdal understrekar at landskapsvernområde ikkje er det same som nasjonalpark.

— Vi ynskjer at det som i dag foregår av næingsverksemd innanfor området, som stølsdrift og vedhogst, skal halda fram.

Refsdal vert både lyrisk og varm i tøyet når han legg ut om kvifor det er bryet verdt å ta vare på landskapet rundt Fuglafjell.

— Landskapet her er annleis enn sørlege del av Kvamskogen. Her finn vi klassiske seterdalar med elvar, loner og vatn. Rundt omkring ligg alpinliknande fjellformasjonar. Berre tenk på Steinskvanndalen og Skeiskvanndalen.

Stølar og seterhus

Turgåarar langt ut over Turlaget sine medlemsrekkjer vil truleg nikka og vera samde med Birger Refsdal. Men han har meir på lager.

— I Kvamfjella finn vi og trange dalar med gjel og skar og fiskerike vatn. Fuglafjell, med sine 1334 meter, ligg majestetisk midt i. Sørfor ligg Myklavatn, som er hovudkjelda for den vidkjende Steinsdalsfossen. I aust renn den verneverdige Fitjardalselva frå Fuglavatn gjennom Vossadalentil Fitjardalsvatnet og vidare ned til Øystese.

Refsdal kan alt ut og inn.

— Lenger nord i landskapet finn vi gamle stølar og seterhus. Dei har namn som Kjerringdalen og Søyasete, og dei ligg ved vakre og idylliske vatn.

For Birger Refsdal er saka klar. Samstundes har han røynsle nok til å vita at det vil ta både år og dag før Kvamfjella kan få status som landskapsvernområde. Om dei nokon gong får det.

Fylla kunnskapshol

— Det er ein langdryg prosess fram mot ein Kongeleg resolusjon, seier 1. konsulent Stein Byrkjeland ved fylkesmannens miljøvernavdeling til BT. Byrkjeland har alt hatt ein prat med Birger Refsdal og natur- og friluftskonsulent Sølve Sandmo frå Bergen Turlag. - Det som trengs no i fyrste omgang, er å skaffa fram alt som finst av kunnskap om det aktuelle området. Og finst det hol i denne kunnskapen, så må dei fyllast, seier Byrkjeland.

Han legg til at fylkesmannen for tida ikkje har høva til å gå vidare med Bergen Turlag sitt forslag.

Kvam kommune har eit arbeid gåande med kommunedelplan for Kvamskogen. Bergen Turlag har sendt forslaget om landskapsvernområde som innspel til dette arbeidet.

— Vi er altfor tidleg i prosessen til at eg kan ha noko meining om dette no, seier ordførar Astrid Selsvold. - Det einaste vi er sikre på, er at vi ikkje vil ha kraftline gjennom fjellområda våre. Men derfrå til å snakka om vern, har vi ikkje kome enno.